Kunst, hestekrefter og mjølkesyre
Storkonsert med 30 år gamle Vestlandsfanden og prestisjeløp opp Liafjellet.
Macho messe ute, mat og kunst inne – Nore Neset Dagane er tilbake med minst like allsidig program som før.
– Med sportsbilar, ATV, dekk, felg og verktøy blant utstillarane blir det ganske macho, seier Morten Døsen.
– Men det er utandørs, inne i aktivitetshuset tar vi det igjen med kunstutstillingar og matopplevingar, i gymsalen og på uteområdet blir det dessutan leikeland, gatecup for ungar, natursti og motbakkeløp. Nore Neset Dagane skal ha noko å by på til heile familien, legg han til.
Satsar på Vestlandsfanden
I fleire omgangar har Nore Neset Aktivitetshus vist seg å vera veleigna til revy og konsertar, Symrasalen for mellomstore arrangement og sjølve hallen til konsertar med endå større publikum.
– I år har vi valt å satsa skikkeleg på laurdagskvelden. Aktivitetshuset blir drive på dugnad av oss som bur her ute, besøkstalet på konserten med Vestlandsfanden betyr mykje for drifta, seier Døsen.
Haugesundsbandet Vestlandsfanden har vore på landevegen sidan 1980. Bandet gjekk raskt frå å vera eit lokalt fenomen til å bli kjent i heile Norden. «Plukka Plommer i Hardanger» og «For livets glade gutter går solen aldri ned» er to av dei 44 mest kjente Vestlandsfanden-låtane som er med på det doble samlealbumet bandet gav ut i år.
Begge låtane blir truleg å høyra førstkomande laurdag. Til å varma opp publikum kjem Vegard Skorpen Band, det unge Os-bandet som også fekk varme i teltet før ORBO gjekk på scenen på Vårsleppet i mai.
Guttene kommer
"Guttene" - Bergensbandet beståande av Tommy Sulen og Tron Jensen kjem og underhaldar laurdag kl 14.00.
Guttene har gjeve ut skiva "Du e i Bergen no" der dei har fått Pondus-teknaren Frode Øverli til å teikna ein illustrasjon til kvar av sangane.
Best i bakken
Gudmund Snilstveit betra tida si frå 2008 då han i fjor vann Liafjellet Opp. Med tida 10.07 var han ikkje langt unna Jon Tvedt sin rekord på 9.45.
På kvinnesida blei det ny rekord, Tale Ivarhus sin rekord på 14.14 blei slått av Astrid Nybø, som sprang opp på 13.54.
Ein annan deltakar som imponerte var ungdomen Øyvind Odland i klassen inntil 15 år. Odland sprang til topps på 12 minutt og 4 sekund, raskare enn alle damene og alle herrane utanom dei to beste i klassen 16 til 31 år.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.