Kuventræ rigga for Eurosport og derby
Lysekloster vil koma med over 200 tilskodarar, Os har bygd ekstra plass til det store TV-teamet frå Eurosport.
Klokka 15.00 i dag er det duka for 17. serierunde i Norsk Tipping-liga og lokaloppgjer mellom Os og Lysekloster.
• Les òg: Os og Lysekloster står likt etter 7 derby
Kampen er som kjent del av Eurosport sin supersøndag, og Eurosport Norge har «før kampen»-sending frå klokka 14.30.
– Vi har hatt dei på synfaring og bygd utvida og forsterka stillas som dei kan filma frå, seier dagleg leiar og spelar på Os, Endre Brenne.
Billettsalet starta torsdag og med utviding av publikumskapasiteten, med paller på friidrettssida av tribunen, er det ein kapasitet på rundt 1.200.
– Det kan likevel bli fullt og mange har sikra seg billettar tidleg. Det blir ei solid dekning av kampen, det kjem også publikum til å merka, sa Brenne før helga.
Eurosprt har seks supersøndagar i løpet av sesongen. Når det er Supersøndag viser dei ein breiddekamp (3. til 8. divisjon) og sender hovudkampen (Eliteserien) på TV Norge, i staden for på Eurosport Norge.
Traileren med utstyr var på plass i går, det same var bilar som skal stillast ut. Som pauseinnslag er det moteshow med Borg Vêr.
Bortelaget stiller sterkt
Lysekloster varslar på sine heimesider at dei kjem med 200 supportarar.
«... det er bare å møte opp og heie guttene frem til en ny seier og sørge for at det ikke blir en tung hjemtur. Det blir i så fall et helvetes kaos!» skriv lysekloster.no.
Lokaloppgjeret i mai blei ein batalje som Lysekloster vann 2-0. Det blei delt ut fire gule og eitt raudt kort i kampen.
– Vi vann fortent, sa Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik etterpå.
– Eit lag vi bør ha eit godt stykke bak oss på tabellen, meinte Os-spelar Torkel Hjertnes.
Os kan klatra frå 9. til 7. plass med siger i dag, Lysekloster kan koma seg eitt poeng bak serieleiar Brattvåg, som i går tapte 4-3 for Førde.