Lokal | 06. juni 2017

Kva skal barnet heita?

1. januar 2020 blir ein ny kommune fødd. No ber ordførarane deg om hjelp. Kva skal kommunen heita når Os og Fusa blir samla? Lever ditt forslag her.

Kva skal barnet heita?
Ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap) og ordførar i Os, Marie Bruarøy (H) ber om di hjelp til å finna namn på den nye kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. juni 2017 06:27

Frå i dag og fram til 18. juni kan du komma med forslag til kva dei to kommunane skal heite når dei slår seg saman.

– Vi håper mange engasjerer seg når vi no skal velje namn på den nye kommunen. Den endelege avgjerda skjer allereie på eit felles kommunestyremøte 24. august, fortel dei to ordførarane Atle Kvåle (Ap) i Fusa og Marie Bruarøy (H) i Os .

Fyll ut eit enkelt skjema

På både Fusa og Os sine heimesider ligg det no eit skjema innbyggjarane skal nytta når dei vil gje sine forslag.

Her kan du levera ditt forslag

– Det held ikkje med å skrive sitt forslag i kommentarfelt på facebook eller på artikkelen her på Midtsiden, ein må senda inn skjemaet for at forslaget skal bli vurdert, understreker Bruarøy.

– Det er ikkje eit veldig komplisert skjema. Det er tre felt; forslag på namn på den nye kommunen, ei kort grunngjeving og tilslutt namnet på deg som forslagsstillar, supplerer Atle Kvåle.

Ein kan òg kontakta kundetorget i rådhuset på Osøyro eller kommunetunet i Eikelandsosen får å få skjemaet på papir.

Ønskjer involvering

Grunnen til at ordførarane no går ut og ber innbyggjarane i dei to kommunane om hjelp til å finna namnet er enkelt.

– Vi ønskjer involvering og medverknad frå innbyggjarane. Det er ikkje ei konkurranse dette. Det blir ingen premie, anna enn at den som har forslaget som vi til slutt fell ned på veit med seg sjølv at «det forslaget var mitt», seier Kvåle.

Skal vera lett å lesa, skriva og uttala

Allereie den 19. juni vil dei to ordførarane setja seg saman og gå gjennom forslaga.

– Då vil vi laga ei oppsummering og ei innstilling til styringsgruppa for kommunereformen, som igjen legg fram si innstilling til det felles kommunestyret i august.

– Det er ikkje slik at innstillinga nødvendigvis blir det forslaget som får flest «stemmer». Vi vil vurdera alle forslag på lik linje, men det er eindel kriterier som skal oppfyllast, mellom anna må ein tenkje på at namnet skal bli ståande i generasjonar framover, det skal vera lett å skriva, lese og å uttale og det skal vera dekkjande for heile eller store delar av den nye kommunen, slik at flest moglege kan identifisera seg med det, avsluttar dei to ordførarane.

Her kan du levere ditt bidrag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.