– Kva skal vi fylla dette med? På måndag skal ungdomen få seia sitt om innhaldet i Ung Arena når Elin Tuft og Os kommune inviterer til workshop. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

– Kva skal dette innehalda?

På måndag skal ungdomen få seia sitt om innhaldet i den nye møteplassen Ung Arena. 

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Framdrifta til Os Aktiv vert tydlegare og tydlegare for kvar dag som går.

I juni vart politikaren einige om å ofra ein del parkeringsplassar for å etablera ein møtestad for ungdom.

Vil høyra ungdomen

– Vi har lyst til invitera alle ungdomar som har ei meining om ungdomstilbodet i Os til idémyldring og workshop, fortel SLT-koordinator i Os kommune, Elin Tuft. 

– Like etter skuletid måndag er vi på plass på Bar(t) i Peppes-bygget for å møta ungdomen.

– Her legg vi opp til ein workshop kor ungdomen vil få ein moglegheit til å vera med å forma den nye møteplassen. 

Tuft seier at saman med erfaringskonsulent Iselin Johannessen og ungdomskonsulent Anne Solberg Andersson, vil dei jobba mykje med Ung Arena i tida fram mot opning. 

– Seinast idag fekk eg eit innspel om å få på plass trampoline. Om vi får det til kan eg ikkje svara på no, men slike spenstige innspel er nettopp det vi vil ha. 

Ja, det vil vera annan ungdom der òg

– Kva vil du seia til dei som kanskje trur at det berre vil vera vaksne på workshopen?

– Eg vil mest av alt oppfordra alle ungdomar til å ta turen på måndag. Ungdomen sine innspel og idear er viktige, no som vi skal forma innhaldet i Ung Arena.

– Vi har utfordra det nye ungdomsrådet for Bjørnafjorden til å stilla, og det har i tillegg gått ut invitasjonar til elevråda ved både ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Os.

– I tillegg vil jo alle innspel frå ungdomen bli belønna med pizza, så er du er ein svolten og engasjert ungdom, har vi veldig lyst å møta deg på måndag, avluttar Tuft. 

Fleire saker