Lokal | 22. juni 2019

«Ung Arena» vedteke på mindre enn fire minutt

Formannskapet: det vert «Ung Arena» i Os Aktiv.

«Ung Arena» vedteke på mindre enn fire minutt
Formannskapet gjekk samrøystes inn for å etablera «Ung Arena» i Os Aktiv som no reiser seg i Landboden. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 22. juni 2019 15:46

Tidlegare i veka skreiv Midtsiden at saman med eining for oppvekst- og kultur og prosjektavdelinga har SLT-koordinator vurdert lokalisering av «Ung Arena» og konkludert med at Os Aktiv vil vera beste alternativ.

Ordførar Terje Søviknes sa at timinga er god i forhold til byggeprosessen, men at det hasta med eit vedtak.

Difor var saka oppe i formannskapet i går, utanom budsjett.

Jubel - men er det nok?

Laila Reiertsen (Frp) jubla for heile prosjektet og meinte at det heile var spanande.

– Eg vil berre ønskja dei lukke til, og så håper eg ungdomen sjølv får vera med å utvikla dette.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) såg òg på prosjektet som spanande, men han var usikker på éin ting;

– Eg er usikker på om dette er nok, og eg vil følgja spent med vidare på prosjektet. Å omdisponera dette arealet kjem vi i alle ikkje til å angra på, men ja, eg usikker på kva kvalitet vi kjem til å enda opp med.

Heile saka tok 3 minutt og 45 sekund.

Formannskapet godkjende samrøystes at Os kommuen bygger og etablerer Ung Arena som ein del av Os Aktiv. Investeringa på 3 millionar kroner finansierast av unytta midler frå prosjekt Borgafjellet barneskule for 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.