Lokal | 25. aug. 2011

Kva slags yrkesutdanning vil vi ha?

LESARINNLEGG, Jan Gaassand (Sp): Meir praksisundervisning og meir fordjupning.

Kva slags yrkesutdanning vil vi ha?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. aug. 2011 08:02

I dei siste tiåra har yrkesutdanninga vore reformert fleire gonger. Dette har gjeve ein del negative utslag som Senterpartiet vil retta opp.

Før 1994 hadde vi 17 t. praksis pr. veke. Elevane var nøgde og bedriftene var nøgde. Fråfallet i den v.g. skulen var minimalt.

Så kom Gudmund Hernes (AP) med Reform 94, og praksistimane vart redusert til 13t /veke. Så kom Kristin Klemet (H) med Kunnskapsløftet og med ein ytterligare reduksjon av praksisopplæringa . I tillegg vart lærarane pålagt ein omfattande rapportskriving.

Senterpartiet vil:
• Ha meir praksisundervisning i den v.g. skulen
• Redusera rapportskrivinga slik at læraren får meir tid saman med elevane i klasserommet, i verkstaden eller på øvingsfeltet.
• Splitta opp enkelte grunnfag slik at eleven får meir fordjuping innan sitt valte fag. (Ein anleggsmaskinførar treng ikkje veta alt om måling og tapetsering)

Ved Os v.g. skule er det landsliner for anleggsmaskinfag og transportfag. Dette er naudsynt, for det er anleggsmaskinføraren, supplert av anl.mask. reparatøren, som skal byggja vegar, bane, flyplass og kai. Skal vi satsa på kollektivtransport så treng vi fleire yrkessjåførar.

Men landslinene har i mange år vore under stort press med fare for nedlegging. Bondevik II regjeringa kom kvart halvår med forslag som ville føra til nedlegging.

Senterpartiet har i alle år arbeid for å behalda landslinene. I regjeringserklæringa Soria Moria fekk Senterpartiet inn at landslinene skulle vidareførast og styrkast. Dette har Senterpartiet fylgt opp.

Som døme kan nemnast at statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (SP) har innført ei prøveordning med at elevar som går på landslinene for yrkessjåfør kan ta førarkort for buss når dei er 18 år.

I Kyrkje- og undervisningskomiteen arbeider Anne Tingelstad Wøien (SP) aktivt for betre vilkår for landslinene og ein betre yrkesutdanning, med vekt på meir praksis, og ein oppsplitting av enkelte grunnkurs. Målet er ein betre yrkesutdanning og mindre fråfall.

Os Senterparti
Jan Gaassand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.