Kultur | 31. jan. 2011

- Kva trur du kjem?

Arrangementssjef Berit Steen lurer på kva forventningar du har til Oseana. Delta i undersøking og vinn billettar til opninga.

- Kva trur du kjem?
Andris Hamremandag 31. jan. 2011 22:12

Med 137 dagar igjen til opninga har Oseana sin arrangementssjef Berit Steen mykje å tenkja på og få på plass.

- Vi går i eitt møte for å få svar på ting og kjem ut igjen med endå fleire ting vi må finna svar på, ler arrangementssjefen når Midtsiden møter ho mellom slaga.

Det ho er mest spent på er om ho klarer å imøtekoma forventningane som osingane har.

- Derfor inviterer vi no, i samarbeid med Midtsiden.no, til ei lita undersøking som kanskje kan gje oss nokre svar om kva folk trur kjem av arrangement og kva type arrangement dei sjølv kan tenkja seg å gå på, seier Steen.

Undersøkinga finn du her

Bli den første med billett
Som ei lita gulrot for å delta i undersøkinga gjev Osana vekk to billettar til opninga 17. juni.

- Alle som sender inn svar er med, vi trekk ut éin tilfeldig innsendar som får to billettar til opninga.

- Den som vinn kjem til å bli den første som får billett til opninga, fortel Steen.

Undersøkinga er web-basert og har to enkle spørsmål, det eine om kva du ventar å sjå på programmet i Oseana, det andre om kva type arrangement du sjølv reknar med du vil vera gjest i.

Du rangerer dine svar frå 1 til 6.

Svarer du 1 betyr det at du trur det er svært lite sannsynleg at den type arrangement kjem til Oseana. Svarar du 6 har du derimot stor tru på at arrangementet kjem.

Eit hus for alle
Steen er opptatt av at Oseana skal bli eit kulturhus for alle.

- Dørterskelen skal vera lav. Anten du er høg eller låg, gamal eller ung, skal du finna noko som fengjer.

- Derfor er det viktig for oss å få veta kva osingane tenkjer, forklarar ho.

Ut på turné
Saman med direktør Kim Kristoffersen legg ho ut på ein liten turné i komande veke, for å læra av andre norske kulturhus.

- Vi skal mellom anna til kulturhuset Bølgen i Larvik for å sjå korleis dei driv og kva dei har gjort, fortel Steen.

Vil du delta i undersøkinga og få sjansen til å vinna billetter til opninga klikker du på denne lenkja.

Undersøkinga er open til 10. februar.

Svara og namn på den som har svart blir skilde frå kvarandre før resultata blir gjeven Oseana, slik at dei ikkje veit kven som har svara kva. Det einastre namnet dei får er namnet på den som vinn billettar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.