Politi | 22. sep. 2023

Kveld etter kveld med hjort på E39

Søndag, tysdag, torsdag og i dag blei det observert vandrande hjort langs og i 80-sona.

Kveld etter kveld med hjort på E39
Kolle og kalv langs E39 tysdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. sep. 2023 08:15

Hjort tett på ny E39 har vore sett på som ein risikofaktor både før og etter opninga av motorvegen 31. oktober i fjor.

I dag fortel politiet om to ferske observasjonar.

– Vi fekk melding om fleire hjort i vegbanen både klokka 20.37 torsdag kveld og klokka 01.36 natt til fredag, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet varsla vidare til Vegtrafikksentralen.

Underteikna observerte sjølv to hjort langs E39 tysdag kveld, og kjenner til observasjon av over ti dyr utanfor Skogafjellstunnelen søndag.

Det har, så vidt vi kjenner til, ikkje vore påkøyrd hjort på ny E39, men ved eitt tilfelle blei det varsla om hjort som kom haltande ut av Skogafjellstunnelen.

Også på E39 i Endelausmarka, som er delvis skjerma med viltgjerde, har det vore meldingar om hjort, både i veg og inne i Lyshorntunnelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.