Lokal | 14. des. 2016

Kven eig denne?

Brannvesenet måtte berga brygge på rek i innseglinga til Halhjem. No etterlyser dei eigaren.

Kven eig denne?
Kjenner du att denne brygga? Då ønskjer brannvesenet å komma i kontakt med deg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 14. des. 2016 10:20

I slutten av førre veke fekk brannvesenet melding om ei brygge som låg på rek i innseglinga til Halhjem.

– Den utgjorde ei fare for ferjene, spesielt i mørket, så vi rykte ut og fikk slept den til land, fortel Gitle Smaadal i Os brann og redningsvesen.

Blir truleg løfta på land

Brannvesenet fekk brygga midlertidleg fortøyd framfor eit naust i Naustvågen.

– Vi er på jakt etter eigaren av brygga, så om noko kjenner til den, så er det fint om dei kontaktar oss.

– Slik det ser ut så kjem vi til å få teknisk eining i Os kommune til å hjelpa oss med å få løfta den på land i løpet av kort tid, då dei som eig naustet ønskjer å få den vekk, seier Smaadal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.