Lokal | 25. apr. 2017
Kven eig denne?
Brannvesenet etterlyser eigar av jolle i Os hamn.
Andris Hamretysdag 25. apr. 2017 09:17
I løpet av påsken har ei lita jolle i glassfiber blitt fortøyd på gjestebrygga i Os hamn. Båten har store skadar i baugen og er ellers utan utstyr som motor eller årer.
– Vi har freista å finna eigar, men ikkje lukkast. Difor ber vi publikum om hjelp, seier brannsjef Stein Gjøsund.
– Om nokon såg at den blei lagt der, eller har opplysningar om kven som eig den ber vi dei kontakta oss på telefon 915 68 590.