Kultur | 18. aug. 2014

Kven får den største fangsten?

Laurdag kickstartar Kystsogedagane med fiskekonkurranse, utstilling og konsert i Øyane.

Kven får den største fangsten?
Kystsogedagane startar med fiskekonkurranse i Øyane. Her frå innveiinga av fangsten i fjor (foto: Kari M. Lyssand)
Andris Hamremåndag 18. aug. 2014 15:21

Like sikkert som at hausten kjem, er det at kommunen arrangerar Kystsogedagane for å markera kva kysten og kystkulturen betyr, og har betydd, for kommunen. Heile 22 kommuner i Hordaland, saman med Gulen kommune og Hordaland fylkeskommune står bak stiftinga Kystsogevekene som tilrettelegg for markeringane rundt i kommunane.

– Det er jo nesten eit paradoks at eg som aldri har eigd ein båt skal arrangera det, men eg får prøve å trekkje i trådane så godt som eg kan, seier Kjetil Osablod Grønvigh, kulturkonsulent i Os kommune.

Tradisjonelt program

Som førstegongsarrangør har ikkje Grønvigh gjort dei store endringane i programmet.

– Vi opnar dagane, tradisjonen tru, i Øyane med fiskekonkurranse og utstillingsopning med konsert.

– Fiskekonkurransen går føre seg frå Bunnpris, kor ein kan melda seg på frå klokka 11.30.

– Det er Os småfiskarlag som står for det praktiske rundt konkurransen, fortel kulturkonsulenten.

Litt seinare på dagen, klokka 14, inviterar Vedholmen galleri til opninga av separatutstilling med Jan Erik Willgohs.

– Der kjem kurator Bjørn Inge Follevaag til å helde utstillingstalen, medan Gabriel Fiflet held konsert frå klokka 15.

Dar kjem dampen

Ein av dei store kystkulturbærarne Ivar Medaas, blir òg eindel av kystsogedagane gjennom framsyninga «Ivar Medaas - Dar kjem dampen» av og med Sogn og Fjordane teater.

– Kabaraten er i hovudsak skriven av Claus Sellevoll som sjølv er på scena saman med Aage Vaksdal, Annlaug Børsheim og Olav Stedje.

– Vi følgjer den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene. Vi blir tekne tilbake til tida då kaia og krambua var viktige møteplassar for menneska i utkanten. Frodige karakterar og det typiske kystlynnet blir framstilt med respekt og kjærleik plassert i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinne.

Framsyninga blir vist på Oseana fredag 29. august. To dagar seinare, sundag 31. kan du bli rodd til Os kyrkje i Oselvarar.

– Dei som vil kan møta opp ved Oselvarnaustet og bli rodd opp elva, fortel Grønvigh.

Saman med bondens dag

Kystsogedagene held fram helga etter i samband med Bondens dag i Os sentrum.

– Vi er ikkje heilt klare med planane enno, men håpet er at vi skal klara å skape liv på øyro frå Kyrkjeflaten til Oselvarnaustet.

– Som avslutning på kystsogedagene opnar utstillinga «200 år på Øyro» på biblioteket laurdag 13. september.

– Utstillinga har undertittelen «200 års samfunnsutvikling på Osøyro og i Os kommune», avsluttar Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.