Politi | 28. sep. 2023

Kvinne hoppa ut av bil i låg fart - bil skadd i front

Handla rask.

Kvinne hoppa ut av bil i låg fart - bil skadd i front
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. sep. 2023 07:46

Onsdag klokka 08.15 rykte politi og brannvesen ut til bilstans og røyk i bil.

I dag fortel politiet meir om hendinga.

– Det var ei kvinne i 30-åra som oppdaga røyk i kupeen, og hoppa ut av bilen i låg fart, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilen trilla vidare og stoppa i eit betongelement.

– Det var ingen personskade, men bilen var skadd i fronten. Kvinna bles til null i promille.

Det er oppretta sak, men ikkje tatt beslag i førarkortet.

I 09.30-tida hadde politiet fartskontroll på E39 Halhjemsvegen.

Det blei éin reaksjon, ei måling på 80 km/t i 70-sona, noko som fører til 3.000 kroner i forelegg.

I 10.40-tida var kontrollen flytta til Industrivegen. Her fann politiet ingenting å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.