Politi | 27. sep. 2023

Reagerte på vuggande mann på Halhjem

– Han prøvde å gå om bord på ferja, men blei tatt hand om av helsevesenet.

Reagerte på vuggande mann på Halhjem
Politiet tok hand om ein mann som venta på ferje i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. sep. 2023 09:07

Litt før klokka 19 tysdag kveld, fekk politiet melding om ein person som sat og vugga i eit busskur på Halhjem ferjekai.

– Meldar var bekymra for at han skulle ramla i bakken, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet rykte ut og møtte ein mann i starten på 40-åra.

– Han prøvde å gå om bord på ei ferje, men blei vurdert som ute av stand til å ta vare på seg sjølv, og blei tatt hand om av helsevesenet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.