Lokal | 19. sep. 2017

Kvinne med kniv køyrd i arresten

Politiet fekk melding om sjikanerande åtferd i Os sentrum.

Kvinne med kniv køyrd i arresten
Politiet fekk to ærend i Os sentrum i går. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. sep. 2017 07:10

Måndag i 15-tida rykte politiet ut på melding om ei kvinne som oppførde seg sjikanerande i Os sentrum.

– Då vi undersøkte kvinna viste det seg at ho hadde på seg ein kniv utan aktverdig formål. Ho hadde òg mindre mengder cannabis på seg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Kvinna, som er i 30-åra og frå ein annan kommune enn Os, blei køyrd i arresten i Bergen.

– Det viser seg at ho har fleire uoppgjorte saker på seg frå før, og politistasjonen i sentrum vurderer å framstilla kvinna for varetekt. Ho skal i avhøyr i dag.

Møtte mann utan førarkort

På formiddagen måndag, i 11-tida, møtte politiet ein bilist dei frå før veit ikkje har lappen.

Mannen, som er i 20-åra, blei meldt for å køyra bil utan førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.