Kvinne tatt i promillekontroll
Burning, påkøyrd katt og to trafikkontrollar - begge med resultat.
Fredag i 23-tida fekk politiet melding om seks bilistar som dreiv og leika seg med sladding og burning i Hegglandsdalen ved Borgafjell barnehage.
Ingen patrulje blei sendt til staden.
Laurdag morgon i 08.30-tida gjennomførte politiet ein promillekontroll på Moberg.
– Det førte til éin reaksjon, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Vedkomande, ei kvinne i 30-åra, er mistenkt for promillekøyring.
I 14-tida var det fartskontroll på E39 i 70-sona på Moberg.
– Det blei skrive ut fire forenkla forelegg. Høgaste fart blei målt til 82 km/t.
Det fører til 5050 kroner i forelegg, men ingen prikkar på førarkortet.
Laurdag i 20-tida fekk politiet melding om ein påkøyrd katt på E39 Halhjemsvegen.
Katten blei køyrd til Anicura Sandviken, men døde av påkøyrsla.