Sport | 19. feb. 2024

Kvinner 40+ ploger på seg skadar i vinterferien

Neste veke er det vinterferie for osingane.

Kvinner 40+ ploger på seg skadar i vinterferien
Kvinner mellom 40 og 60 år skadar seg oftare på langrenn, ofte fordi dei er for forsiktige, avslører forsikringsselskapet If.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 19. feb. 2024 10:02

Medan unge gutar og menn har for høg fart i alpinbakken, skadar middelaldrande kvinner seg når dei står for sakte i bakken på langrenn, åtvarar forsikringsselskapet If.

Østerrike, Sveits og Tyskland ligg høgt på skadestatistikken i typiske månader for skiferier, januar til mars.

Øvst på skadetoppen tronar Noreg. Og det er middelaldrande kvinner og unge gutar og menn som er særleg utsette for skader på ski i vinterferien, åtvarar If.

Forsiktige kvinner skadar seg på langrenn

Statistikk frå forsikringsselskapet viser at risikoen for skader er høgast i alderen 40-50 år. Men damer mellom 50 og 55 år har dobbelt så høg risiko som menn i same alder, fortel senior kommunikasjonsrådgivar Ellen Paulsen i If.

Kvinner mellom 40 og 60 år skadar seg oftare på langrenn enn andre, og ofte oppstår skadene fordi dei er for forsiktige. Typisk skadar dei seg når dei plogar i nedoverbakkar, og fell framover.

– Mange fortel også at dei har vore engstelege og har køyrt veldig sakte, og så mista kontroll over skiene. Mange tenkjer ikkje over at det er vanskelegare å styre skiene i sakte fart, seier Ellen Paulsen i If.

Dei klassiske skadene er handleddsbrot og overarmsbrot, som oppstår når dei som fell prøver å ta seg for i landinga.

– For nybyrjarar på langrenn ser vi at dei ikkje klarer å bremse opp, og blir skada når dei fell eller legg seg ned. Typiske skader då er vridingsskader, og hofte- og lårhalsskader, seier Paulsen.

Raske gutar og menn skadar seg i slalåmbakken

Ifs tal avslører også at unge gutar og menn har auka risiko for skader i vinterferien. Gutar mellom 15 og 20 år har tre gonger så høg risiko for å bli skada som jenter i same alder.

Unge menn tar oftare høgare risiko enn evnene tilseier, og ofte er det snakk om stor fart. Derfor blir det fort meir alvorlege skader, som stygge brot i armar, bein og rygg.

– Vi ser også ein stor andel menn i midten av 30-åra som feilvurderer og får skader i samband med hopp eller at dei køyrer ut. Også her ser vi brotskader fleire stader, og vridingstraumer. Dei mest alvorlege skadene oppstår gjerne når det køyrast utanfor preparerte løyper, såkalla off-piste køyring, seier Paulsen.

Sakk ned og rask på!

– Når vi ser på skadestatistikken er det freistande å be unge gutar og menn om å sakke på farten, medan kvinner heller bør gi på litt.

Etter ein viss alder bør nok også både kvinner og menn innsjå at dei ikkje er like spreke og fleksible i kroppen som før.

– Styrketrening er bra for å førebyggje, men greitt å ikkje få heilt overtenning når du skal demonstrere kunstar frå glansdagane.

Ifs råd til deg som skal stå eller gå på ski i vinterferien

  • Ikkje overvurder eigne evner eller ta unødvendige sjansar, særleg ved høg fart.
  • Hugs at for låg fart også kan gi høgare risiko, fordi det er vanskelegare å styre skiene.
  • Offpiste-køyring gir høg risiko for alvorlege skader. Følg reglane, og pass på tryggleiken.
  • Ikkje kombiner ski med alkohol. Det aukar risikoen for ulukker - og redusert erstatning.
  • Styrketrening styrkjer både skjelett, musklar og ledd, og bidreg til førebygging av skader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.