Helse | 06. apr. 2023

Spreke og sunne påskenøtter

Kva kan du om kosthald og trening?

Spreke og sunne påskenøtter
Torill Bakke byr på tunge ballar og harde nøtter. (Foto:Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. apr. 2023 09:09

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening.

I inngangen på påskehelga byr vi på ein sunn og sprek påskequiz.

Svara er lista opp under spørsmåla.

10 NØTTER

1. «Fem om dagen» er eit begrep vi alle kjenner til. Kor mykje tilsvarar eigentlig «éin om dagen» i gram med frukt og grønt?

2. Alkohol gir oss energi på samme måte som karbohydrater, protein og feitt tilførar oss energi. Kan du rangera desse fire elementa, alkohol, karbohydratar, feitt og protein etter kva som gir mest kaloriar per gram?

3. I motsetnad til feitt, karbohydratar og protein inneheld ikkje alkohol noko kroppen vår treng, berre kaloriar. Dess sterkare den alkoholhaldige drikken er, dess meir kaloriar per liter. Kan du anslå cirka kor mange kaloriar det er i ein halvliter øl og i ein halvliter lettøl (Munkholm)?

4. Fisk er ein viktig del av eit samansett kosthald. Kor ofte i løpet av ei veke bør du ifølgje Helsedirektoratet sine kostråd eta fisk til middag?

5. Å vera i regelmessig fysisk aktivitet er viktig for ei god fysiske og mental helse. Kor mange minutt i løpet av ei veke bør vaksne og eldre vera i bevegelse som er litt anstrengande? Kor mange minutt kan dette reduserast til dersom aktiviteten er anstrengande?

6. Sollyset i sommarmånadane er ei viktig kjelde til eit kjent vitamin. Dette er eit vitamin vi bør ta tilsludd av i alle månader med bokstaven «r» i. Kva vitamin er dette?

7. Egget står ofte sentralt i påsken. Egg inneheld alle næringsstoffa kroppen treng, utanom eitt. Kva for eit er dette?

8. Norge er dessverre på verdenstoppen i forekomst av beinskjørheit i folkesetnaden. Beinskjørheit kan både forebyggjast og forsinkast i symptom når du har fått det. Nevn nokre faktorer som kan forebygga beinskjørhet.

9. Regelmessig styrketrening er viktig for ei god helse. Kor mange gongar i veka bør du trena heile kroppen for at du skal kunna bli sterkare?

10. Når du trenar skil kroppen vår ut eit hormon som på folkemunne bli kalla «kroppens eige morfin». Dette hormonet er smertestillande og det gir oss ei kjensle av velvære og lykke. I tillegg vil det forebygga både stress og depresjonar. Kva er namnet på dette hormonet?

10 SVAR

1. 100 gram. Altså tilsvarer «fem om dagen» eit halvt kilo med frukt og grønt daglig.

2. Feitt (9 kaloriar), alkohol (7 kaloriar), protein (4 kaloriar) og karbohydratar (4 kaloriar)

3. 215 kaloriar i øl og ca 130 kaloriar i lettøl.

4. To til tre gongar i veka. Bruk gjerne fisk som pålegg i tillegg.

5. Litt anstrengande aktivitet i 300-150 minutt i veka. Anstrengande aktivitet 150-75 minutt i veka.

6. D-vitamin.

7. C-vitamin.

8. Eit sunt og variert kosthald med tilstrekkelig innhald av protein, kalsium og vitamin D, regelmessig fysisk aktivitet, styrketrening. I tillegg bør du unngå røyking og eit høgt alkoholinntak.

9. To til tre gongar i veka.

10. Endorfin.

Håper du klarte mange av desse!

God påske!

Torill Bakke
Fysioterapeut og personleg trenar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.