Val 2023 | 11. sep. 2023

Kyrkjevalet: 15 kandidatar til 8 plassar

Kven bør sitja i soknerådet?

Kyrkjevalet: 15 kandidatar til 8 plassar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. sep. 2023 07:04

I dag, parallelt med kommunestyre- og fylkestingvalet, går kyrkjevalet av stabelen.

Soknerådet skal i 2023-2027 ha 8 faste medlemmar og 5 varamedlemmar.

Soknerådslista for Os kyrkjelyd har desse 15 kandidatane:

  • Arild Saltskår Jentoft, pilot, Søre Neset (f. 1964)
  • Birk Eiken Lunde, konsulent, Søre Øyane (f. 1999)
  • Christine Westgaard Lund Halland, lærar, Haugland (f. 1973)
  • Espen Harald Haga, IT-konsulent, Halhjem (f. 1975)
  • Frode Qvale, lektor, Os (f. 1969)
  • Grethe-Inger Berge, pensjonert lærar, Nore Neset (f. 1953)
  • Helge Davidsen, seniorrådgjevar/siv.ing, Lysekloster (f. 1953)
  • Inger Jonette Indset Botnevik, pensjonert lærar, Os (f. 1956)
  • Jon Håkon Øen, rådgjevar, Nore Neset (f. 1973)
  • Karl Ole Midtbø, pensjonert dirigent/gen.sekr., Os (f. 1955)
  • Malin Nøss Vangsnes-Weaver, dansekunstnar/produsent, Os (f. 1987)
  • Olav Emil Tennefoss Vatshelle, student og yrkessjåfør, Hegglandsdalen (f. 1988)
  • Olav Kvinge, rådgjevar, Søre Neset (f. 1958)
  • Per Gunnar Lunde Oseng, avdelingsleiar, Lekven (f. 1984)
  • Tone Steinsund Hagevik, klinisk sosionom, Nore Neset (f. 1980)

Kjelde: Os sokn

Kyrkjevalet er det største medlemsdemokratiet i Noreg. På valdagen 10.–11. september kan tre millionar medlemmar i Den norske kyrkja også stemma, skriv kyrkja i ei pressemelding.

Etter at meir enn 91.000 har førehandsstemt digitalt i Kyrkjevalet, gjeld det no å stemma fysisk på valdagen.

– Vi ser at folk brukar kyrkja som ein samlingsstad i kriser og på dei store dagane i livet. Mange er også innom i kvardagen, til dømes på babysong, trusopplæring og eldretreff, seier Kristin Gunleiksrud Raaum.

Ho er leiar for Kyrkjerådet, den øvste folkevalde i kyrkja.

– 83 % av medlemmane er innom kyrkja, og over halvparten har hatt ein samtale med ein prest eller anna tilsett i kyrkja i løpet av eit år. Det er viktig for oss at dei som ynskjer skal få mogelegheita til å stemme, seier Raaum.

Medlemmer i Den norske kyrkja, busett i Noreg, har stemmerett frå det året dei fyller femten år. Det skal veljast medlemmer til sokneråd (lokalt), bispedømeråd (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt).

For første gong har det vore mogeleg å førehandsstemme digitalt, noko meir enn 91.000 har gjort.

På valdagen 10.-11. september kan du stemme i kyrkjevalet i nærleiken av kommunevalet, og du kan få bistand til å stemme fysisk av valfunksjonærar.

Det er ikkje sendt ut valkort i kyrkjevalet, men status for ditt medlemskap kan du sjå på kyrkja.no/medlem. Næraste vallokale kan du finne på kyrkjevalet.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.