Kultur | 13. aug. 2011

– Kysten driv denne nasjonen

Det var strålande vêr, kjempegodt oppmøte og stemningsfull seremoni då Kystsogevekene blei opna i Os i dag.

– Kysten driv denne nasjonen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. aug. 2011 13:48

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Det var godt oppmøte og ein fin seremoni då Os i dag, for første gong, hadde hovudopninga av Kystsogevekene.

Ordførar Terje Søviknes opna med å ønskja velkomen før styreleiar i stiftinga Kystsogevekene, Bjørn Myhren, heldt fram med å fortelja om mønstringa og markeringene i kommunane frå sør i Hordaland til Sogn-kommunen Gulen i nord.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Os Durspel-samskipnad sørgja for den musikalske stemninga medan eit Havfest-innslag og Patricia Langeland med to av hennar fremste elevar hadde spreke innslag på tampen av programmet.

Nytt Lindbjerg-program

Special guest Dag Lindebjerg har med tv-programma, engasjementet sitt og alle prisane han har mottatt dei siste åra blitt Mr Norskekysten, ifølgje Bjørn Myhren.

I dag snakka Lindebjerg varmt om både Os hamn og engasjementet langs kysten då han opna kulturmønstringa Kystsogevekene i Os.

– Vi brukte 5 månadar på å reisa frå Russland til Sverige med båt. På reisa, der vi filma 600 timar, blei oppfattinga mi av at det er kysten som finansierer denne nasjonen styrka. Same kva dei seier inne i Oslo, og korleis dei diskuterer distriktspolitikk, det er verksemdene og folka langs kysten som driv Noreg, sa Lindebjerg.

Resultatet av den lange reisa langs kysten er ein tv-serie som startar om tre veker. Medan vi ventar har vi kystsogevekene å gleda oss over - 190 arrangement i 20 kommunar.

I Os starta det med opninga, Oselvarfestivalen og vernissasje på Vedholmen Galleri i dag og held fram med fiskekonkurranse og open båt på Hargun i Øyane i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.