Meining | 06. juni 2021

La ASVO få moglegheit til å driva kafé på Rådhuset!

Vi håpar det enno er mogleg å få med alle partia på eit slikt godt vedtak

La ASVO få moglegheit til å driva kafé på Rådhuset!
Bjørnafjorden rådhuse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. juni 2021 07:16

I formannskapet, torsdag 3. juni var det oppe sak om ASVO kan få etablera kafédrift på gateplan, der kundesenteret i kommunen no ligg.

Bjørnafjorden ASVO er ein tilrettelagt arbeidsplass for menneske med mellom anna utviklingshemming og psykiske lidingar, som ikkje får innpass i ordinært arbeid. At desse skulle få moglegheit til å driva kafé i Os sentrum burde vore ei gladsak som alle parti kunne stilla seg bak.

Overraskande nok vart saka stemt ned av Høgre, FrP og ein uavhengig. Dette synes vi i koalisjonen (AP, SP, MDG og KrF), samt uavhengig Magne Djuvik (medlem i Partiet De Kristne), var skuffande og overraskande.

Ideen om å ha ein kafé driven av ASVO er svært god, og viser at kommunen er villig til å satsa på eit inkluderande arbeidsliv som har plass til alle.

Menneske med nedsett arbeidsevne står gjerne sist i køen av arbeidslause. Med over 200.000 arbeidslause er denne køen lang.

Kommunen har etter vårt syn plikt til å legga til rette for at ASVO sine tilsette får meiningsfylt arbeid. Vi veit òg at liknande prosjekt har lykkast i andre kommunar.

Med ASVO på plass i Rådhuset vert det mogleg å ha utvida opningstid ved eit digitalisert kundemottak, og ein kan flytta ein liten filial av biblioteket ned i sentrum. Dette sikrar ein open og tilgjengeleg kommune, som kan vera ein god treffstad for innbyggarane.

Kommunedirektøren har forsikra om at kommunen skal vera like tilgjengeleg som no.

Motargumenta frå Høgre og FrP var overraskande.

Fyrst vart det sådd tvil om ASVO si prosjektplanlegging og marknadsanalyse, som til og med vart etterspurd framlagt for kommunestyret. Er det korrekt praksis at ei konkurransedyktig bedrift skal legga fram korta sine i detalj for ope kamera, og er dette noko vi har spurt dei andre bedriftene på Osøyro om å gjera?

Det vart òg stilt spørsmål om dei tilsette på ASVO og deira føresette hadde «blitt spurt om kva dei ville driva med». Er det slik at ein ikkje stolar på at ASVO, ei bedrift spesialisert på å få menneske med nedsett funksjon ut i arbeid, veit kva dei driv med?

Noko merkeleg var det kanskje at dei to liberale partia, FrP og Høgre, stilte spørsmål ved om ei ASVO-bedrift kunne vera konkurransevridande, og det vart nemnt at det ikkje ville vera riktig å nytta unntaket i reglementet for offentleg anskaffing. Reglementet gjer kommunen anledning til å reservera bestemte type oppdrag til ASVO-bedrifter.

Meiner FrP og Høgre at Bjørnafjorden ASVO, som sysselset personar med utviklingshemming, skal konkurrera på lik linje med andre bedrifter? For oss er det eit politisk val å sikra eit inkluderande arbeidsliv for alle!

Vi håpar det enno er mogleg å få med alle partia på eit slikt godt vedtak, og at ein kan få til eit fleirtal når saka kjem opp att i kommunestyret den 17. juni – til beste for kommunen vår, og ikkje minst ASVO og deira tilsette.

Linda Kjosaas, AP
Mikal Leigland, SP
Tina Bø Buer, MDG
Bjarte Samnøy, KrF
Magne Djuvik (uavhengig, medlem av Partiet De Kristne)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.