La ølet i barnevogna og trilla ut av butikken
Forklarte at han hadde gløymd å betala.

Politiet fekk måndag melding frå ein butikk som hadde avslørt tjuveri av øl.
Ein mann hadde lagt ein 10-pakning i barnevogna, og trilla ut av butikken utan å betala.
Det heile blei fanga av overvakingskamera i butikken, ein daglegvare litt utanfor Os sentrum.
Der blei han konfrontert med tjuveriet, og butikken fekk ølet tilbake.
– Men dei tilsette i butikken visste ikkje kven mannen var, og varsla oss om hendinga, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
– Vår patrulje blei merksame på ein mann som passa skildringa frå overvakingskamera i 14.30-tida.
Mannen, som er i 40-åra, erkjente forholdet, men forklarte at han berre hadde gløymd å betala ølet.
– I slike tilfelle er det opp til butikken å melda forholdet. Sånn eg har forstått det, vil dei ikkje melda mannen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.