Politi | 08. des. 2021

Fryktar tjuveri frå postkasse

Politiet ber innbyggarane vera merksame.

Fryktar tjuveri frå postkasse
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. des. 2021 08:46

Tysdag i 11.50-tida fekk politiet opplysingar om tjuveri frå ein postkasse på Moberg.

– Eigar fortalte at minst éin pakke var tatt, kanskje to. Dei var ikkje av høg verdi, men vedkomande syntest det var ubehageleg at post forsvann, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet ber alle om å sjå til at postkassane deira er sikra, for å forebygga tjuveri.

Dei ber også om tips, om nokon observerer uvedkomande ved postkassestativet sitt.

Forbikøyring ved barneskule

På morgonen onsdag, klokka 07.58, fekk politiet melding om uaktsam køyring på Hegglandsdalsvegen.

Dette skal vera «ved ein barneskule», utan at det står nemnt om det er Borgafjellet barneskule eller nedlagte Hegglandsdalen barneskule.

– Meldar fortel at ein bil låg tett oppi bakfrå, og at vedkomande køyrde forbi i ein fart som var langt over fartsgrensa på 50 km/t.

Innringar fekk ikkje tatt registreringsnummer, men ønskjer at politiet skal ha fartskontroll på staden.

Politiet ber om tips om denne og liknande saker, eventuelt at vedkomande melder seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.