Lokal | 11. apr. 2019

La seg på hjul etter to unge mc-førarar

Etter melding om stygge forbikøyringar blei to ungdomar stoppa på Søfteland.

La seg på hjul etter to unge mc-førarar
Dei to unge mc-førarane blei stoppa ved Storestraumen. (Arkvifoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. apr. 2019 07:42

Litt før klokka 21 onsdag kveld fekk politiet melding om fleire farlege forbikøyringar av to motorsyklar i retning nord på E39.

– Patruljen la seg på hjul, og fekk stoppa dei to ved Storestraumen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet hadde ingen fartsmåling, men tok ein alvorsprat med dei to, som begge er i slutten av tenåra.

– Det blei òg oppdaga at skilta var vippa opp, og dei to fekk mangellapp.

Å vippa opp skilta (bak), så registreringsnummeret er vanskeleg for andre å lesa, er ikkje lov.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.