Kultur | 23. okt. 2018

Lærdom og latter med Linda og Frøydis

Jakta på lykke er den raude tråden i «LinFrø» sin kabaret.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 23. okt. 2018 16:48

«Lykkedag» med LinFrø er eit samarbeid mellom Linda Nytræ, kjent frå både durspel og fleire revygrupper i Os, og sceneinstruktør, produsent og skodespelar Frøydis Flotve, som i 2014 starta Os barne- og ungdomsteater.

Dei starta i januar, laurdag er det kabaret i Oseana.

– Det er alt frå «vanlege» revynummer, til leik med ulike komisjangrar. Folk ler ikkje av det same. Vi byr på oss sjølv og viser ting vi absolutt ikkje kan. Linda har kjøpt både saxofon og sekkepipe dei siste månadane, og vil presentera kor ho er i prosessen, fortel Frøydis.

Frøydis har skrive alle tekstane, med unntak av tre nyskrivne songar av Tarjei Vatne. Dei to damene har med seg Inge Johannes Bergheim som musikar.

– Vi byr på tema som krinsar rundt livet generelt. Kva er det verste som kan skje når vi prøver ting vi ikkje kan? Den raude tråden er latter – og vår jakt på lykke. Det blir latterlære med Lykke Liv, Herleik Glad og Helle Holo, song om twitter og katten som øydelegg trimmeturen. Monolog-song om Kååno og mykje meir, fortel Linda og Frøydis.

Vi var innom gårsdagens øving.

Fredag syng Vidar Johnsen duo i Oseana, laurdag er det LinFrø sin tur. Restauranten i Oseana tilbyr ein latterleg meny med latterkick (quiche) og glad laks denne kvelden – og ei stund etter framsyninga speler Golvkaldt opp.

– Vi prøver å laga ein heilaftan av denne kvelden! seier LinFrø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.