Låg som nummer to - mista støtfangaren
Karoline Breivik, som så vidt fekk bilen klar til andre NM-runde, var nær finaleplass.
I helga som var køyrde Karolie Breivik 2. runde i NM i rallycross.
• Les òg: Hastebygging av ny motor
Løpet gjekk i Vikedal i ei helg som starta med mykje regn.
– På trening laurdag var det veldig vått, men eg er nøgd med tidene mine i innleiande rundar.
Her blei det 16., 11. og 14. tid.
– Det blei tørrare utover dagen og eg køyrde fortare og fortare. Men då ein konkurrent mista støtfangeren sin i tredje omgang mista eg samtidig min framre støtfanger.
Nær finaleplass
Søndag regna det endå meir. Treninga gjekk greit, men Karoline sleit litt med festet.
I 4. omgang låg ho likevel lenge som nummer to.
– Men så gjorde eg ein feil og hamna i autovernet. Eg mista støtfangeren igjen og kom inn som nummer tre.
Det er berre dei 14 beste som kjem til finale. I denne runden blei det berre nesten for Team Karoline.