Lokal | 08. juli 2019

Lagde bråk på restaurant

Skal ha slått etter kokk og vore ufin med gjestar.

Lagde bråk på restaurant
Her får mannen pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum, og å halda seg vekke. Men rundt midnatt var han tilbake. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. juli 2019 07:28

Laurdag i 21.30-tida blei politiet kontakta av ein restaurant i Os sentrum.

Ein gjest hadde vore både ufin og yppa til bråk, men stakk frå staden og blei stoppa av politiet i ei anna gate.

– Han hadde ikkje kjøpt noko hos oss, han berre kom inn og oppførte seg rart. Han slo også etter meg, seier innehavar til Midtsiden.

Vedkomande, ein polsk mann i 30-åra, fekk pålegg av politiet om å fjerna seg frå Os sentrum.

– Same mann dukka opp igjen rundt midnatt, og framsto som aggressiv. Han blei køyrd heim og blir meldt for å ha brote pålegget, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Brå slutt på campingferien

Søndag formiddag klokka 10.45 blei ein bil med campingvogn stoppa på E39 på Søfteland.

Campingvogna blei avskilta grunna manglande EU-godkjenning. Vogna skulle vore godkjent i fjor.

Arbeidsfolk med uvisst ærend

Laurdag i 14.30-tida fekk politiet melding om to utanlandske menn som gjekk og banka på dørene i Kuvågen og Vågadalen.

– Dei var ikledd arbeidsklede, men det er uvisst kva ærend dei hadde. Patruljen møtte dei ikkje.

I 18.30-tida fekk politiet fleire meldingar om ein som gjekk berrføtt i bilvegen. Også han var vekke før patruljen kom til staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.