Jul | 17. des. 2025

Vil samlast rundt bål i Vikjo julaftan

– Du treng ikkje vera einsam for å delta. Legg turen innom! oppmodar Tor Arne og André Marton.

Vil samlast rundt bål i Vikjo julaftan
Tor Arne Hitland takka ja til André Marton Pedersen sitt forslag på strak arm. No handlar diskusjonen om kor stort bål dei skal laga. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. des. 2025 07:20

Onsdag om ei veke er det fleire som feirar jul åleine. Andre skal markera kvelden i små og større familiar, men vil gjerne lufta hovudet litt på formiddagen.

– Legg turen til Mobergsvikjo! Alle er velkomne, ingen treng melda seg på. Vi fyrer i bålet klokka 11 og serverer ein unik kakao! lover André Marton Pedersen.

– Dei som vil kan ta med seg sitjeunder lag og mat. Det blir ikkje servering utanom kakaoen, og nissen sparer på kreftene til kvelden.

André er ikkje berre tilsett i Bergen og Hordaland Turag, eldsjel bak Turboklubben og medlem i Os Turlag. Han er over snittet glad i bål.

– Det er noko eige å samlast rundt eit bål, og det er ekstra fint om ei slik samling har verdi for dei som ikkje har mange å feira med.

Invitasjonane skal ut både digitalt og analogt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Invitasjonane skal ut både digitalt og analogt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Ideen hadde han før jula i fjor òg, men då blei det ikkje noko av. No kjente han det brann etter å brenna bål, så han skaffa seg permisjon frå kålrabihakking heime og ringte kameraten, Tor Arne Hitland.

– Tor Arne er glad i å vera ute, han er van med å hjelpa til og så er han jo ein framifrå bålbyggar.

Tor Arne, kjent frå Vartun, Livskvalitet, gatelag og ski- og sykkelverkstaden i Os sentrum, var frå 2018 med på å bygga dei store båla i Mobergsvikjo sankhans.

Då han fekk høyra at André har kjøpt inn to sekkar med ved til julaftan, mens han sjølv er van med 20-30 paller, starta «krangelen» om kva som blir passeleg storleik på bålet.

– Vi skal bli einige før jul! lovar dei to.

– Vi har jo ikkje idé om kor mange som kjem, så det er vanskeleg å seia om vi treng fleire bål. Men målet er at alle skal få ein dose «bål-terapi». Om det kjem berre én så er det suksess. Kjem det 30 så skal det òg bi bra.

Arrangementet er på tampen av Friluftslivets år.

Og kakaoen? Den har heile seks ulike ingrediensar.

– Litt av oppskrifta stammar frå ein cubansk kafé i Brooklyn, som eg blei kjent med då eg studerte i New York, seier Pedersen.

Den andre delen er meir kortreist. Frå Tysnes.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.