Skyting | 05. aug. 2021

Landsskyttarstemnet: Stor auke i deltakarar på heimebane

Heima-LS blir endå meir folksam enn i fjor.

Landsskyttarstemnet: Stor auke i deltakarar på heimebane
I år blir det endå fleire rundt skjermane som oppdaterer frå målskivene på Ulven. (Foto frå Heima-LS i fjor, Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. aug. 2021 08:49

I fjor blei Landsskyttarstemnet, eit av dei største idrettsarrangementa i Noreg, endra til «Heima-LS» grunna koronapandemien.

Os Skyttarlag klarte likevel å laga Os-camp-stemning på Ulven.

– Vi plar vera rundt 35 skyttarar frå Os på tur til Landsskyttarstemna. I år var det enkelte skyttarar som, grunna uvisse om gjennomføring av LS, planla ferie denne veka.

– Likevel er vi oppunder 30 deltakarar på heimebane i Os, sa Jan Kristian Evensen i fjor.

Då kom det ein og annan skyttar frå Hålandsdalen. I år kjem det skyttarar frå både Hålandsdal Skyttarlag og Strandvik Skyttarlag for å delta på Os.

– Vi nærmar oss 50 deltakarar no. Det blir ein lang og kjekk dag!

– 8-10 campingvogner kjem også opp til Skyttarhuset, så det blir sosialt både på dagtid og kveld.

Tar imot publikum

Programmet startar med baneskyting klokka 11.

Etter lunsj blir det finalar, grov og fin feltskyting - og til slutt finalar i felt òg.

– Om folk med interesse for skyting vil koma oppom og sjå på, og oppleva stemninga, så er dei velkomne. Men dei må kontakta oss i skyttarlaget, så vi får alle inn i manntalet.

Har stilt inn siktet

Ved sidan av ei rekkje gode juniorar, er det fleire eldre juniorar og seniorar som har vist god form den siste tida.

– Arild Røyseth har vist god og aukande form den siste tida, og skaut nyleg 347 på Gol.

Arild Røyseth er eit av Os sine håp i LS til helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arild Røyseth er eit av Os sine håp i LS til helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sofie Evensen ligg på 2. plass i Noreg etter 10 stemne i eldre junior.

Storesøster Amalie har skote LS på førehand og deltar på «Skytternes mestermøte» på NRK tysdag.

Adelheid Røttingen Møller er blant dei mange flinke juniorane til Os. (Foto: KVB)
Adelheid Røttingen Møller er blant dei mange flinke juniorane til Os. (Foto: KVB)

I den andre enden av alderstabellen er Knut Skjelbreid frå Hålandsdal.

I fjor skaut han 350, altså 35 tiarar, og då er det mengda innertiarar som avgjer plassering. Han hamna på 10. plass av heile 436 deltakarar i veteran over 73 år.

– Knut kjem i år også, og har vist stabilt, god form. Han har nyleg vunne eit stemne i Nesbyen. Då skaut han også 350, og heile 32 av 35 skot var innertiarar! seier Evensen imponert.

Knut Skjelbreid. (Foto: KVB)
Knut Skjelbreid. (Foto: KVB)

Knut skyt for Hålandsdalen, men var invitert til Os. Han er far til dei tidlegare VM- og OL-heltinnene Liv Grete og Ann-Elen.

– Eg hadde rifla på hylla mens jentene heldt på, det blei 15 hektiske år med deira skyting i fokus, seier Knut til Midtsiden.

– Eg hadde plan om å reisa til LS i Elverum. Då det blei avlsyst, og det ikkje blei noko Heima-LS i Hålandsdalen, så er eg glad for at eg fekk koma til Os, sa han i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.