Landsskyttarstemnet 2021 blir avlyst

Heime-LS for andre år på rad.

Det blir heime-LS i år òg, noko Os Skyttarlag løyste godt i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. mai 2021 09:13

Landsskytterstevnet 2021, som skulle blitt arrangert i Elverum i august, blei i går avlyst av eit samstemt Norges Skytterstyre.

Det er andre året på rad at stemnet, som vanlegvis samlar 5.000 skyttarar og 10.000 tilreisande over ei heil veke, blir avlyst grunna pandemien.

– Det er svært trist at vi også i år må ta denne tunge avgjerda det er å avlysa flaggskipet vårt, Landsskytterstevnet, forteller president i Det frivillige Skyttervesen, Bernt Brovold.

– Landsskytterstevnet er eit av Noregs aller største sportsarrangement, og med den uvissa som framleis rår med pandemien meiner vi avgjerda er klok og ansvarleg.

Os Skyttarlag, som arrangerte LS seinast i 2002, plar reisa med en god delegasjon utøvarar og familie til landsskyttarstemna.

I fjor blei det erstatta av «heime-LS» i 800 skyttarlag rundtom i Noreg, også i Os.

– Også heime-LS gav ei deltaking på 5.000 skyttarar. Vi vil nå starta planlegginga av eit nytt heime-LS. Samtidig prøver vi å få i stand eit mindre stemne på Elverum i samarbeid med Elverum skytterlag, Forsvaret og NRK, for å styrka kompetansen til framtidige landsskytterstevner, avsluttar Brovold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.