Lokal | 06. mai 2010

Langdryg regulering

Det som kanskje skulle vore ei enkel sak å handsama skapte bølgjer i kommunestyret tysdag kveld.

Andris Hamretorsdag 06. mai 2010 09:30


Saka det handlar om er regulering av Lendevika på Skorpo, som skulle slutthandsamast av kommunestyret tysdag.

Saka har gått fram og tilbake i kommunen i snart fem år. Det har vore fleire rundar med høyring, sakshandsaming og behandling i plan- og bygingsutvalet. Fylkesmannen har protestert på planane og kommunen har vore nøydd til å halda mekling med fylkesmannen.

Reduserte flytebrygga
Andre gong saka var oppe i plan- og bygingsutvalet (18.12.2008) blei eit område for ei flytebrygge med utriggarar, kalla S3, redusert frå 0,76 daa (20 båtplassar) til 0,4 daa (12 båtplassar).

Reduksjonen kom etter at utvalet hadde vore på synfaring i robåt og meint at det blei for smalt mellom brygga og nokon skjær som ligg der.

Einige etter mekling
I samband med eit av dei andre områda i planen har det vore meklingsmøte med Fylkesmannen kor Os kommune var representert ved ordførar Terje Søviknes (Frp).

Partane blei einige og saka blei endeleg sendt til kommunestyret for slutthandsaming.

Auka av seg sjølv?
Då saka var oppe i kommunestyret tysdag kveld hadde Terje Sperrevik (TvS) oppdaga at S3, som han var med på å redusera i plan- og bygingsutvalget for halvanna år sidan, plutselig var blitt auka igjen til dei opphavlege 0,76 daa.

Frå talarstolen kravde Sperrevik svar på kven som hadde auka dette området og korleis det hadde skjedd.

- Andre må ro
Han fekk ikkje umiddelbart svar på spørsmålet, men støtte frå Venstres Tore Rykkel, som meinte at viss det var slik at utvalet hadde vore ute og rodd, så var det på tide at nokon andre byrja å ro no.

Ein pressa ordførar måtte tilslutt innrømma at aukinga hadde skjedd i samband med den synfaringa som hadde vore då saka var til mekling med fylkesmann, og at den ikkje hadde vore oppe til nokon politisk behandling.

Med det fekk opposisjonen vatn på mølla, og kravde at saka skulle tilbake til plan- og bygingsutvalet igjen, for nok ei handsaming.

Må venta
Og slik blei det. Etter eit gruppemøte kom posisjonen tilbake med eit forslag om at saka blir utsett og sendt til utvalet for nok ei handsaming.

Dermed må tiltakshavar venta endå ei stund før han får lov til å leggja ut flytebrygga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.