Samferdsle | 18. mars 2022

Langedalen blokkert av bil

– Rygga utfor på «beine vegen».

Langedalen blokkert av bil
Ein bil har rygga utfor i Langedalen fredag morgon, og vegen er blokkert inntil vidare. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mars 2022 08:32

Denne veka har det vore drøfta å stenga Langedalen for gjennomkøyring, grunna høg trafikk etter stenging av Fanafjellsveien.

Fredag i 09.30-tida blei vegen stengt, men ikkje permanent.

Ein bil har rygga utfor. Vegen er blokkert for trafikk.

Bilistar som ferdast over Langedalen kan rekna med ein del rygging, slik trafikken er no, men i dag gjekk det gale.

– Bilen rygga utfor på beine vegstrekket, det var noko overraskande, seier vitne.

Uhellet skjedde nær toppen då ein bil på veg ned på Søfteland-sida av Langedalen skulle rygga for møtande trafikant.

Det var berre to hjul som hamna i gøfta, men bilisten treng nok hjelp til å koma seg opp igjen, og vegen er blokkert inntil vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.