Politi | 20. jan. 2022

Utforkøyring i Langedalen i natt

Politiet fekk elles melding om laus kabel og sakna dukker.

Utforkøyring i Langedalen i natt
Bilen blei berga mellom klokka 03 og 04 natt til torsdag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. jan. 2022 08:44

Torsdag kveld eller natt til torsdag hamna ein bil eit godt stykke utanfor vegen i Langedalen.

Bilen blei berga litt før klokka 04 i natt.

Kva som er årsaka er uvisst, men det snødde og var glatt på vegane i natt og i morgontimane.

Bildeserie:

Utforkøyring i Langedalen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

1 av 3
Utforkøyring i Langedalen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Utforkøyring i Langedalen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Utforkøyring i Langedalen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

– Vi har ikkje fått melding om dette uhellet, og har derfor ikkje opplysingar å dela, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

– Sjølv om det ikkje er personskade eller blokkert veg, kan det vera greit å melda ifrå til politiet om du har vore uheldig. Då har vi kjennskap til det om forbipasserande ringer inn.

Laus kabel ved barnehage

Onsdag i 13.30-tida fekk politiet melding om ein laus, elektrisk kabel som hang ned over eit gangfelt ved Borgafjellet barnehage i Hegglandsdalsvegen.

BKK Nett blei varsla og tok oppdraget.

Bil avskilta på Søfteland

Klokka 22.50 onsdag kveld avskilta politiet ei parkert bil.

Bilen sto i Storestraumen-området, årsaka var at det var bruksforbod på bilen. Ein lapp med informasjon blei lagt på frontruta.

Saknar utstyr etter øving

Kystvakten og Redningsselskapet øvde i Bjørnafjorden onsdag.

Slutten av øvinga inkluderte eit mislykka søk etter eige utstyr.

Redningsskøyta Bjarne Kyrkjebø har øvd med KV Bergen i kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSaknar utstyr etter øving

Klokka 22.10 meldte Hovedredningssentralen frå om to sakna markeringsdukker merkte «KV Bergen» og ikledd oransje kjeledressar.

Finn du desse kan du ringa politiet eller Hovedredningssentralen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.