Kultur | 27. nov. 2010

Langt og flott fakkeltog

Fleire hundre trassa kulden og tok turen til opninga i julegatene i Os sentrum fredag kveld.

Langt og flott fakkeltog
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. nov. 2010 00:23

Fredag arrangerte handelsstanden i Os sentrum fakkeltog i forkant av julegrantenning og opning av julegatene.

Trass i at gradestokken hadde snike seg ned mot 10 minusgradar kom det mange for å låna faklar i Hamnevegen.

- Vi delte ut 225 faklar, truleg var rundt 350 med på fakkeltoget, fortel leiar i Os Sentrumsforening, Renate Iversen.

- Det synes vi er kjempebra, veldig kjekt at så mange tok turen til sentrum sjølv om det var så kaldt.

Os Musikkforening spelte julemusikk i toget, elevar frå Kongshaug Musikkgymnas lagde stemning på Torget.

VIDEO: Frå fakkeltenning til tog, julegrantenning og gang rundt treet. (Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.