Lokal | 29. nov. 2013

Langt tog for betre skule

KFU er nøgd med oppmøtet til fakkeltoget torsdag, men verken foreldreutvalet eller politikarane er heilt nøgd med dialogen utanfor rådhuset.

Langt tog for betre skule
KFU-leiar Veronika Wilhelmsen i spissen av fakkeltoget i Os torsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. nov. 2013 09:58

Bildeserie:

Det blei selt 200-300 faklar. (Foto: KVB)
Det blei selt 200-300 faklar. (Foto: KVB)
Delar av KFU, som arrangerte toget. (Foto: KVB)
Delar av KFU, som arrangerte toget. (Foto: KVB)
Over 500 møtte opp. (Foto: KVB)
Over 500 møtte opp. (Foto: KVB)
Så starta marsjen mot rådhuset. (Foto: KVB)
Så starta marsjen mot rådhuset. (Foto: KVB)
Toget blei langt og breitt. (Foto: KVB)
Toget blei langt og breitt. (Foto: KVB)
Ordføraren klar til brannslukking. (Foto: KVB)
Ordføraren klar til brannslukking. (Foto: KVB)
Appell frå lasteplanet på ein pickup. (Foto: KVB)
Appell frå lasteplanet på ein pickup. (Foto: KVB)
Også ordføraren var på lasteplanet. (Foto: KVB)
Også ordføraren var på lasteplanet. (Foto: KVB)
1 av 8
Det blei selt 200-300 faklar. (Foto: KVB)
Delar av KFU, som arrangerte toget. (Foto: KVB)
Over 500 møtte opp. (Foto: KVB)
Så starta marsjen mot rådhuset. (Foto: KVB)
Toget blei langt og breitt. (Foto: KVB)
Ordføraren klar til brannslukking. (Foto: KVB)
Appell frå lasteplanet på ein pickup. (Foto: KVB)
Også ordføraren var på lasteplanet. (Foto: KVB)

Det kommunale foreldreutvalet i Os, som består av foreldre frå arbeidsutvalet ved skulane i Os, hadde invitert til fakkeltog mot det dei opplever som kutt i rådmannen sitt forslag til budsjett.

– I år blei vi 147 fleire elevar i Os, neste år kjem det store 2008-kullet. Likevel er det ikkje auke i rammene, sa KFU-leiar Veronika Wilhelmsen, leiar for KFU, før toget starta.

– Ved fleire skular er det innkjøpsstopp, enkelte har ikkje råd til deig så dei kan baka peparkaker før jul, og det er oppseiingar av personell.

– Med fakkeltoget ønskjer vi å påverka politikarane til å auka rammene til skule når dei no skal handsama budsjettet, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå både foreldre, tilsette og rektorar.

Sakna opposisjonen

200-300 faklar blei selt i Brugata før toget gjekk, truleg var det godt over 500 vaksne og ungar som gjekk i tog gjennom sentrum, Postvegen, Telthuskvartalet og fram til hovudinngangen til Os Rådhus.

Der sto fleire politikarar for å møta dei, frå Frp og Høgre, men ingen frå administrasjonen og ingen frå opposisjonen.

– På leiarmøte i dag blei vi einige om at vi politikarar skulle møta her, det er vi som skal behandla budsjettet.

– Men eg må seia at eg er skuffa over at ingen andre enn Frp og Høgre er representert, når vi er mange parti som saman har jobba fram og vedtatt budsjettrammene.

– Opposisjonen skulle stått her med oss, meiner ordførar Terje Søviknes (Frp).

Kort svar frå lasteplanet

Vel framme på "rådhusplassen" klatra Wilhelmsen opp på lasteplanet på ein strategisk parkert pickup og heldt ein kort appell. Så blei det stille fram til nokon i KFU oppmoda Søviknes om å seia nokre ord.

Ordføraren klatra opp på same lasteplan og fortalte om både investering i nybygg, tilbygg og opprusting, og om prosjektet betre læringsresultat, eit langsiktig prosjekt med mange involverte, som dei neste 5 til 7 åra skal vera med å forma innhalddet i skulen til noko betre.

Søviknes var også kort innom rammene frå rådmannen, som skal vera justert opp etter pris- og lønsvekst, og i tillegg er auka noko.

Men han ville ikkje ut med kva Frp og Høgre eventuelt vil justera på i sitt framlegg til budsjett.

– Eg er skuffa

Wilhelmsen seier ho er skuffa over at det ikkje kom noko meir konkret frå ordføraren.

– Vi blei ikkje mykje klokare av dette, seier ho.

– No er det få dagar til vi skal legga fram budsjettforslaget vårt, og eg vil naturlegvis ikkje røpa noko av innhaldet no, sa Søviknes til Midtsiden etter han kom ned frå lasteplanet.

– Det forstår eg, men eg håper den enorme oppslutnaden om fakkeltoget får effekt, at dei ser at det er behov for meir pengar i skulen.

Får 52 prosent

Politikarane som var representerte utanfor rådhuset var, i tillegg til ordførar, varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H), Bjørn Matland (H), Emil Tetlie Brimsholm (H) og Eirik André Hesthamar (Frp).

– Oppvekst, altså barnehage og skule, får 52 prosent av potten Os kommune deler ut, seier Hesthamar, som også er leiar for tenesteutvalet.

Bruarøy nemner fakkeltoget i 2011, då foreldre gjekk i tog for å få likebehandling mellom private og kommunale barnehagar, som resulterte i store ekstrautgifter for kommunen.

– På landsbasis er dette underfinansiert med 2,2 miliardar kroner. Dette er pengar frå same pott som skulane hentar pengar frå, fortel varaordføraren.

Når det er ledige barnehageplassar i Os og desse tar inn ungar under 1 år, kostar det Os kommune 180.000 kroner per unge per år.

– Vi har også prioritert å halda på grensaskulane, i tråd med ønskje frå foreldre og KFU. I ein kompakt kommune som Os kunne vi drive billigare med færre, men større skular, i staden bruker vi pengar på å ha skulear i krinsane, seier Søviknes om årsakene til at det er krevjande å finna nok pengar til at alle skal bli nøgd.

På spørsmål om KFU ønskjer å stenga nokre skular for å få meir pengar per elev svarer ho:

– Kor skal dei flytta elevane då? Skulane vi har er jo sprengt og i åra som kjem er det større kull og endå større behov for plass og personell.

– Vi ønskjer i første runde at innkjøpsstoppet i skulane blir oppheva, at det ikkje kjem oppseiingar av personell og at rammene for åra som kjem aukar, seier Veronika Wilhelmsen, spent på kva politikarane kjem med av budsjettforslag i formannskapet tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.