Lokal | 28. mars 2015

Lanserer P-løysing på Kuventræ

Naboane ber kommunen sjå på tomta mellom Varafjell og Industrivegen for å løyse parkeringsbehovet for sentralidrettsanlegget.

Lanserer P-løysing på Kuventræ
Arne Monsen, Ole Fagerthun, Dag Tore Skjelde og Truls Rasmussen ved tomta dei meiner kan gjerast til parkering for sentralidrettsanlegget (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 28. mars 2015 11:45

Bildeserie:

Ole Fagerthun med skissa naboane har laga med inn og utkøyring og eit mogleg parkeringshus (foto: AH)
Ole Fagerthun med skissa naboane har laga med inn og utkøyring og eit mogleg parkeringshus (foto: AH)
1 av 1
Ole Fagerthun med skissa naboane har laga med inn og utkøyring og eit mogleg parkeringshus (foto: AH)

Naboane til sentralidrettsanlegget på Kuventræ har gått hardt ut mot kommunen sine tankar om å opna Kuventrævegen mot Industrivegen for biltrafikk.

No presenterer dei ideen som kan løysa utfordringa med parkeringa, og samstundes gjera at det blir mindre trafikk i Idrettsvegen.

– Vi skal spele på lag, men kan ikkje godta kva som helst.

– Ein kan ikkje berre kritisera, ein må vera konstruktiv i eit forsøk på å løyse dette, seier Arne Monsen, Ole Fagerthun, Dag Tore Skjelde og Truls Rasmussen når dei møter Midtsiden for å presentera sin idé.

Ikkje for langt unna

Tomta naboane har sett seg ut er den 5,9 mål store tomta som kommunen eig mellom Varafjell og Industrivegen i enden av den nedre kunstgrasbanen på Kuventræ.

– Her er det berre å skyta seg ned eit par meter og planera så vil det bli ein god parkering med ordna tilhøve.

– Den blir ikkje for langt unna anlegget då?

– Nei, det trur vi ikkje. Det er like langt å gå til dei to kunsgrasbanene frå andre kanten.

– Men det er klart det må skiltast skikkeleg nede ved Meny, slik at tilreisande veit at det er her dei skal køyre.

Vil avlasta Idrettsvegen

Dei fire ser òg ein anna fordel med å etablera parkeringa ved Industrivegen.

– Skuleskyssen til Kuventræ skule og til bading i Osbadet vil òg kunne nytta denne som hovedadkomst.

– Allereie er det jo mange foreldre som køyrer ungane sine hit og slepp dei av her.

– Ei slik løysing vil spara Idrettsvegen for mykje av den trafikken som er der i dag og vera med på å gjera det til ein tryggare veg, argumenterer dei fire.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.