Lassen leikar seg på Ekeberg
Norway Cup: Alle førstelaga frå Os er i A-sluttspel. Os G16 med 22-1 i målforskjell på tre kampar!
4 av dei 6 laga frå Os Turn, juniorane (G19), Os 1 (G16), Os G14 og Os J14 er klare for A-sluttspel i Norway Cup. Os 2 og Os 3 (G16) hamna i B-sluttspelet.
– Vi hadde håpa på siger i dag, så vi fekk fri onsdag, men det er heilt OK å vera puljetoar, seier juniortrenar Terje Kvittingen.
Os G19 vann den første kampen 6-3 over Grong. Fredrik Heggland skåra 3, Simen Lassen 2, begge på corner direkte i mål (!) og Egil Thuen framprovoserte eit sjølvmål.
Dei to neste kampane enda begge 1-1 (Brevik og Zacatecas Independiente).
Den siste, mot Zacatecas Independiente i dag, hadde Os kontroll på. Os leia 1-0 og Simen Lassen sprang sikk-sakk mellom duellsterke mexicanarar.
Men innspurten enda i utlikning på corner og haugevis med sjansar til Os som ikkje gav utteljing.
Burde vunne alle
– Den første kampen er eg ikkje nøgd med, her var vi sløve og sleppte inn tre mål. Den andre kampen var eg nøgd med 57 av 60 minutt.
Juniorane fekk mål imot tidleg i kampen, resten var eit samanhengande angrep, som inkluderte straffebom, men som til slutt enda med utlikning ved Espen Borgen.
I dag gjekk siste innleiande kamp, og det mot friske mexicanarar.
– Her var vi sterke, dette var eit fyrverkeri av ein kamp, synes trenaren.
Os tok leiinga i første omgang etter eit strålande raid av back Glenn Krossøy, som rista av seg 2-3 spelarar, spelte vegg med Aleksander Nielsen, passerte yttarlegare 2-3 mann og gav Os leiinga.
Mexicanarane var flinke til å trilla ball og tøffe i duellane, men Os hadde initiativet og flest sjansar. Men mexicanarane utlikna på corner, som også Brevik gjorde.
Dei siste ti minutta fekk Os 5-6 cornarar omtrent på rekke og rad, i tillegg var både Steffen Ludvigsen, Simen Lassen og Isak Røen åleine med keeper.
Os 1 og jenter 14 gjorde reint bord
I tillegg til juniorane og gutar 14, som tok seg til A-sluttspel med 17-0-siger, er jenter 14 og gutar 16 (førstelaget) vidare.
Jenter 14 og gutar 16 har vunne alle sine innleiande kampar, jentene står med 4-1, 3-0 og 2-0, gutar 16 med 7-1, 2-0 og heile 13-0 i siste.
Onsdag er det vinn eller forsvinn for både dei 4 i A-sluttspelet og dei 2 laga i B-sluttspelet.