Politi | 17. apr. 2021
Lastebilsjåfør fekk åtte åtvaringar
Vegvesenet hadde kontroll på Halhjem ferjekai.


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 17. apr. 2021 09:05
Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem ferjekai fredag på dagtid.
– Vi hadde 28 køyretøy innom på kontrollplassen, av desse valte vi å sjå nærmare på 10 tunge køyretøy, fortel Terje Bødtker i rapporten frå kontrollen.
To sjåførar blei kontrollert for køyre- og kviletid. Den eine av desse fekk åtte åtvaringar.
Det blei skrive mangellapp for ulike andre bilar på punkt som skvettlappar, lause boltar i svingkransen, underkøyringshinder og innfesting.
Éin sjåfør blei meldt for ikkje å ha kopla til kontakten på hengar, éin fekk gebyr for ikkje å ha med seg vognkort.