Samferdsle | 27. nov. 2024

Lastebilsjåfør må ut med 22.400 kroner

Vegvesenet vinka inn til kontroll langs E39 i går.

Lastebilsjåfør må ut med 22.400 kroner
På kontrollplassen ved Svegatjørn i Ulvenvegen, tett på ny E39. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. nov. 2024 09:39

Statens vegvesen hadde kontroll på plassen ved Svegatjørn tysdag på dagtid.

Der blei det delt ut to mangellappar, gitt tre bruksforbod og skrive ut tre gebyr.

– Det var to gebyr for dårleg dekkmønster og eitt for overlast, skriv Inge Hellebust i rapport frå kontrollen.

Overlastgebyret blei på heile 22.400 kroner.

Vedkomande lastebil har tillatt totalvekt på 32 tonn, men var lasta med så mykje jord at den vog 37,4 tonn.

Dermed måtte førar finna seg både å lasta av noko av jorda, og å motta eit stort gebyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.