Samferdsle | 09. apr. 2024

To lastebilsjåførar hadde utgått førarkort

Den eine fekk gebyr, den andre blei meldt.

To lastebilsjåførar hadde utgått førarkort
Vegvesenet hadde kontroll ved Svegatjørn i dag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. apr. 2024 20:24

Statens vegvesen hadde kontroll ved Svegatjørn i dag. Fokusområde var tunge køyretøy.

– Vi jobbar heile tida for å betra trafikktryggleiken for alle trafikantar, og har ein nullvisjon for hardt skadde eller drepne i trafikken, opplyser Knut Namtvedt Sylta i rapporten frå kontrollen.

Sikring av last, god sikt, avrenning frå fisketransport, bremsar som fungerer og gjennomføring av køyre- og kviletid blir ramsa opp som viktige faktorar.

– To av lastebilsjåførane har førarkort (klasse C) som er gått ut på dato.

Den eine slapp unna med gebyr på 5000 kroner, for det er mindre enn tre månadar sidan det skulle vore fornya.

Den andre skulle fornya for over tre månadar sidan, og blei meldt.

– Vi kontrollerte køyre- og kviletida til 12 førarar. 7 av desse fekk til saman 10 åtvaringar for mindre brot på bestemmelsane

Ein annan fekk bruksforbod for å ha festa sikthindrandes gjenstandar på frontruta.

Fem køyretøy fekk tekniske mangellappar av ulike årsaker; skada dekk, skada frontrute, feil med fartsskrivar, luftlekkasje og diversle lysmanglar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.