Bergen tinghus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lastebilsjåfør mista lappen i 20 månadar

Blei stoppa i personbil, først i hasjrus, året etter i 134 km/t i ei 70-sone.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ein mann i 30-åra frå Os er dømt til fengsel i 23 dagar etter både å ha køyrd rusa på THC (verkestoffet i cannabis) og for køyring i 134 km/t i ei 70-sone.

Han var rusa bak rattet i ein personbil ein fredagskveld i mars 2017. I utgangspunktet var han òg sikta for å køyra i hasjrus ein laurdag ettermiddag i september same år, også det i Bergen, men aktor frafalt siktelsen.

Ein onsdagskveld i mai 2018 blei han stoppa i ei bygd på Austlandet etter å ha køyrd i nesten det doble av fartsgrensa.

Skjerpa straff

I formildande retning blir det lagt vekt på at sikta har erkjent straffeskyld og samtykte i avgjerd ved tilståelsesdom.

I straffskjerpande retning la retten vekt på at sikta ved fleire tilfelle over relativt kort tid har brote vegtrafikklova. Han er òg tidlegare straffa for brot på både vegtrafikklova og narkotokaforhold.

Straffa blei sett til 23 dagar fengsel, der tre dagar varetekt kom til frådrag. Han blei òg dømt til tap av førarretten i 20 månadar.

Domfelte erklærte at han tok betenkningstid.

Fleire saker