Kultur | 22. mai 2017

Latterlege gjensyn med det beste - og litt nytt

– Vi var spente, og er gledeleg overraska, seier Susan Askvik etter ein god premiere på årets Nor & ne-revy.

Latterlege gjensyn med det beste - og litt nytt
Etablering av tre Kiwi-butikkar på Os fortente eigen sketsj og ein catchy song. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. mai 2017 12:33

Bildeserie:

Sanitetskvinnene i Os. (Foto: KVB)
Sanitetskvinnene i Os. (Foto: KVB)
Gjennomgang av årsrekneskapen. (Foto: KVB)
Gjennomgang av årsrekneskapen. (Foto: KVB)
Ordførar-duoen er ny sketsj av året. (Foto: KVB)
Ordførar-duoen er ny sketsj av året. (Foto: KVB)
Jan Helge Corneliussen sin Kygo-parodi. (Foto: KVB)
Jan Helge Corneliussen sin Kygo-parodi. (Foto: KVB)
«Ja, vi kan laga show!» (Foto: KVB)
«Ja, vi kan laga show!» (Foto: KVB)
Lydige ektemenn? Send dei på Fjellanger Hundeskole. (Foto: KVB)
Lydige ektemenn? Send dei på Fjellanger Hundeskole. (Foto: KVB)
Fleire lokalverksemder blei parodiert. (Foto: KVB)
Fleire lokalverksemder blei parodiert. (Foto: KVB)
Ned-på-Esso/In the Ghetto. (Foto: KVB)
Ned-på-Esso/In the Ghetto. (Foto: KVB)
Aurora sin fetter, Roar. (Foto: KVB)
Aurora sin fetter, Roar. (Foto: KVB)
Buktaler med frekk dukke. (Foto: KVB)
Buktaler med frekk dukke. (Foto: KVB)
Dette ekteparet fekk besøk av verdas beste postmann. (Foto: KVB)
Dette ekteparet fekk besøk av verdas beste postmann. (Foto: KVB)
1 av 11

Fredag var det premiere på «Den 10. revyen frå Nor & ne».

Revygruppa har henta fram det beste frå dei ti åra, oppdatert nokre av sketsjane og laga to nye.

– Vi var nok litt meir nervøse enn vanleg før premieren, vi visste ikkje om «best of» var nok til å lokka så mange som vi vanlegvis har, seier Susan Askvik, den einaste i revygjengen som har vore med kvart år sidan start.

Men salen blei full både fredag og laurdag, og billettsalet til dei to siste framsyningane, komande helg, er godt i gang.

Publikum lo kanskje endå meir enn før. Ikkje berre fordi dei fekk servert det beste, men fordi fleire kjente igjen sketsjen i det den kom, og byrja å le allereie då dei såg kva som kom.

– Det var skikkeleg laurdagsstemning her, skulle tru vi hadde pub etterpå. No gler vi oss til dei tre neste, seier Susan.

Med håp om Heerenveen

– Eg trur eg har vore på alle Nor & ne-revyane, og eg er like imponert kvart år, både over skodespelarane, tekstane og ikkje minst; kor flinke dei er til å synga, seier Arne Døsen.

Song om samfunnet i Øyane, Kiwi-butikkane og gjenbruksbutikken si avdeling Solsiden var blant dei som slo godt an.

– Det er vanskeleg å koma på ein favoritt, det er så mykje bra. Men eg håper vifår sjå Brynjar i Heerenveen, den var knakande god, seier Magne Hjertholm i pausen.

Døsen-familien sin dugnadsånd var blant det som blei fleipa med, men i venleg stil. Meir latterleggjering var det av politikarar, brumotstandarar og fleire bedrifter revygjengen har vore innom dei siste åra. Og ja, Brynjar «Veggen» dukka opp.

Gud og Djevelen hadde sin årlege gjennomgang av rekneskapen, denne var oppdatert med nyare hendingar som hører til i den eine og andre leiren. Også Nore Neset Nytt (NNN) har halde seg oppdatert.

Midtsiden kjem med video frå framyninga når dei to siste har vore framført fredag og laurdag.

I bildeserien over får du glimt av framsyninga, der verdas beste postmann var eit av favorittinnslaga (er sketsjen basert på ei sann historie, har Midtsiden fått spørsmål om i helga? Ja, det er den).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.