Kultur | 19. sep. 2015

– Låtval har mykje å seia

Eirik trivst i Oslo og er klar for ein ny runde i Stjernekamp.

– Låtval har mykje å seia
Eirik tok ein selfie på veg til førebuing i NRK studio laurdag formiddag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. sep. 2015 10:00

Etter ein start med få stemmer og fare for å ryka ut har Eirik Strønen Søfteland stått trygt i to rundar på rad.

– Eg visste eg tok ein sjanse med den første låta, men eg berre måtte ta den, seier Eirik til Midtsiden om Black Debbath-låta.

– Men det er klart låtval har mykje å seia, det bør vera ein som fenger mange, det held ikkje berre å synga bra. Får du dessutan for mykje skryt av dommarane trur eg det kan ha motsett effekt, at folk ikkje stemmer fordi dei trur dette skal gå av seg sjølv.

Fleire TV-prosjekt

Fredag kunne vi sjå han synga i Else Kåss Furuseth sin «redningsaksjon» for Carl I Hagen på TV2, i kveld deltar Eirik i fjerde runde av Stjernekamp på NRK.

– Det var eit vittig prosjekt som eg blei invitert med på mens eg er her i Oslo. Dei tre vekene sidan showet starta har eg berre vore heime i Os tre dagar.

– Det har også vore nokre andre TV-prosjekt her borte, men dei kan eg ikkje seia så mykje om enno.

Ferdig mixa album

Eirik har også fått jobba med debutalbumet sitt mens han har vore i Oslo.

– Ein singel er rett rundt hjørnet. Det er heller ikkje lenge til albumet kjem, det er nettopp ferdig mixa.

Litt laidback

Sjølv om Idol-finalisten og Skal vi danse-vinnaren også er gira på å nå til toppen i Stjernekamp, seier Søfteland at det er ei litt anna stemning i denne konkurransen.

– I Idol så var eg og dei andre deltakarane ferske og heilt ukjente, å nå langt kunne bety mykje for karriera. I Stjernekamp er vi ikkje så spente, vi har det kjekt i lag og håper på å laga god underhaldning.

Syng Sinatra

I kveld er det episode fire av ti og storband som tema. Eirik skal synga Sinatra-låta «Fly me to the moon».

– Eg har sunge Sinatra før. I Idol song eg «My way», men eg trur ikkje eg har sunge «Fly me to the moon» live tidlegare.

Årets deltakarar: Martin Halla (27), Celine Helgemo (19), Øystein Wiik (59), Heidi Gjermundsen Broch (40), Eirik Søfteland (26), Maria Karlsen (32), Tommy Fredvang (33), Maria Haukaas Mittet (36), Knut Erik Østgård (50) og Trine Rein (44). Maria Karlsen er ute.

Tidlegare vinnarar:
Rita Eriksen (2012)
Silya Nymoen (2013)
Nora Foss Al-Jabri (2014)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.