Lokal | 21. sep. 2016

Laurdag blir det full fart på Moberg

Då får brannvesenet med seg politi og legevakt og opnar beredskapssenteret på Moberg for små og store skodelystne.

Laurdag blir det full fart på Moberg
Open dag på beredskapssenteret er populært. Her kan små og store få testa utstyr og læra meir om beredskap og brannvern (arkivfoto: Kari M. Lyssand)
Andris Hamreonsdag 21. sep. 2016 08:45

350 brannstasjonar over heile landet opnar portane laurdag 24. september for å gje barn og vaksne eit møte naudetatane. På Moberg opnar Os brann, beredskap og legevakt stasjonen frå klokka 11.

– Det har blitt ein fin tradisjon med stor interesse når vi inviterer til open brannstasjon som ein del av beredskapsveka på hausten. Arrangementet samlar vaksne og barn til morosam læring med ein alvorleg undertone, idet vi går inn i ei årstid der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar i takt med at vi trekkjer innandørs, skrur på varme, fyrer i omnen og tenner lys, fortel Anne Kjersti Storebø, leiar for forebyggande avdeling i Os brann og redningsvesen.

Bamselegevakt og politistand

Storebø fortel at både legevakta, politiet og ambulansen (om dei ikkje er oppteken på oppdrag) har meldt at dei stiller.

— Legevakta stiller med eiga tilbod til sjuke bamser og dokker, så det er berre å ta dei med seg. I tillegg kjem politiet i år til ha ein stand. Dei har vore så sporty at dei har satt inn ekstra folk for å kunne vera saman med oss heile dagen.

– Kom heile dagen

Storebø fortel at tidlegare år har veldig mange kome med ein gong arrangementet tek til.

– Det er litt vanskeleg med parkering her oppe, så ei oppmoding er at folk heller parkerar i sentrum og går opp her. Ei anna oppmoding er at ein kjem litt lengre utpå dagen. Vi held det gåande frå 11 til 14, så ein går ikkje glipp av noko om ein ikkje er her med ein gong, forsikrar Storebø.

Kan du naudnummeret

Ei undersøking TNS Gallup har utført for If Skadeforsikring viser at 9 av 10 ikkje har avtalt møtestad i tilfelle brann. 1 av 3 kan ikkje naudnummeret til brannvesenet og 1 av 4 er usikre på om sløkkjeapparatet fungerar.

- Byrjar det å brenne, er du og familien veldig overlatne til dykk sjølve i dei første livsviktige sekunda og minutta. Då er det ikkje tid til å gruble over kvar det er trygt å rømme, google etter kven de skal ringe til, eller pakke ut brannsløkkjeapparatet av emballasjen. Det er berre gjennom å ha brannøving heime de kan trene på dette, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If, ein av medarrangørane til open dag på brannstasjonen i ei pressemelding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.