Lefsebakeriet har sikra lokale
Bøe Lefsebakeri signerte fredag leigeavtale i Industrivegen. Måndag byrjar dei å rulla inn utstyr.
I august, to år etter at lefsefabrikken på Os blei lagt ned og produksjonen av familien Bøe si over 50 år gamle Vestlandslefsa flytta til Lierne, blei det kjent at gamle og nye kompetente krefter står klare til å investera 10-15 millionar kroner i å etablera ein ny lefsefabrikk i Os.
Artikkelen Midtsiden hadde om nye Bøe Lefsebakeri og det komande førsteproduktet, Hardangerlefsa, er lest over 4.700 gongar og delt over 800 gongar på Facebook.
– I dagane som følgte var det heilt vilt! Eg bruker ikkje Facebook, men folk sendte tekstmeldingar, ringte og stoppa meg på gata for å seia kor glad dei blei for at vi skal laga lefser i Os igjen, fortel Rolf Tore Bøe.
I august røpte dei også planen om å flytta inn i eit komande nybygg i Hegglandsdalen, men no er det klart at det i staden blir opprusting og innreiing av eksisterande lokale i Industrivegen i Os.
1 kvadratmeter større
Det er dialog med brørne Espen og Knut Jarle Aspenes som førte til leigeforholdet som blei inngått fredag. Alutec-brørne har fleire næringsbygg, blant anna i Industrivegen. Bøe Lefsebakeri blir nabo med Norden Maritime, Bomobil og Sibi.
– Det ledige lokalet er heilt perfekt, avlangt og effektivt, akkurat som den førre fabrikken, seier medeigar i den nye fabrikken, Willy Roger Jacobsen.
– Det er 1025 kvadratmeter stort, 1 kvadratmeter større enn førre fabrikk, med fin tilkomst og med sjanse for utviding på same adresse.
Produksjonsstart i april
Årsaka til at det blei leige her i staden for eit nybygg Nils T. Lien ville bygga, er tid og kostnad.
– Vi er glade for velvilja til Lien, men det er alltid knytt uvisse usikkerhet til nybygg, både i tid og kostnad, og vi var allereie litt etter skjema. No vil vi rusta opp lokalet, få på plass omn, kjøl, frys, produksjonslinjer og ny ventilasjon. Arbeidet startar så snart som mogleg og det første utstyret skal inn dørene allerie neste veke.
Målet er å starta testproduksjon i april og å lansera det første produktet, Hardangerlefsa. Først skal det lagast tørre lefser, så er målet å koma i gang med smurte lefser og andre bakervarer, som wraps.
Tung og relatert kompetanse
Bøe Lefsebakeri får fem eigarar. Alle tar med seg viktige verdiar inn i selskapet. Rolf Tore sit på bestemora, som opprinneleg var frå Fosse i Hardanger, si oppskriftsbok.
– Kor trygg er du på at denne lefsa vil bli godt likt?
– Eg har smakt ho sjølv, ho er veldig god. Det var fleire gongar snakk om å starta produksjon av fleire av bakervarene hennar, men det blei med Vestlandslefsa. Fram til no.
Den første fabrikken blei forma i tett samarbeid med Gunvar Fagerthun, som lagde og tilpassa produksjonlinja, som blant anna besto av ,ifølgje Rolf Tore, verdas første kontinuerlege kjevlemaskin.
Bøe Lefsebakeri for produksojnlinjer frå Gunvar sitt barnebarn, Tom Fagerthun, som også er medeigar.
Dei andre tre medeigarane er tidlegare dagleg leiar for Toro lefsefabrikk på Os, Jan Arne Vevatne, Hans Petter Jensen, som sit med teknisk kompetanse rundt lefseproduksjon, og Willy Roger Jacobsen, eigar av Vossakjøt og Norwegian Food Partner.
God historikk
Willy Roger Jacobsen kjenner både bransjen og Vestlandslefsa godt. Han byrja å jobba for Vestlandslefsa-eigar Rieber i 1976 og har i ulike periodar til saman jobba 20 år for selskapet. Då Rieber kjøpte lefsa i 1989 jobba Jacobsen for Minde Sjokoladen, den gong eigd av Friele. Med Friele var Jacobsen også med på å forma konkrete planar om å kjøpa Vestlandslefsa rett før Rieber fekk tak i det populære produktet og fabrikken på Os.
Sal og marknadsføring har vore Jacobsen sitt område. Han var med på å få Minde Sjokolade til å auka frå 7 til 250 millionar kroner i omsetnad frå 1988 til 2000.
– Det var nesten ingen på Austlandet som visste kva Minde var. No er Minde dei inne i alle butikkar over heile landet, seier Jacobsen.
Så starta han Brynildsen AS og bygde denne verksemda til 100 millionar frå 2001 til 2012 før han selte til Herman Friele, med blant anna Almondy, som Noregs største innan fryste kaker.
– Fleire friarar
Også han opplevde å få både gratulasjonar og rikeleg med lykkeønskingar då planane om Bøe Lefsebakeri blei kjent.
– Bransjen gler seg. Vi har også hatt fleire friarar, personar og firma som vil inn på eigarsida. Men det skal mykje til for at vi tar inn fleire. Vi har gode løysingar på finansiering, skal vi ha inn fleire eigarar må det vera eigarar som kan tilføra bedrifta noko utover kroner og øre.
– Vi har som mål at ingen av eigarane skal inn med større lånt kapital. Då kan vi få eigarar som sit i ventar på utbyte, vi skal først og fremst bygge og bruke det vi tjener på å utvikle bedriften slik at det «skinner» av den. Vi har plan om å driva med overskot og med tida kan det bli tatt utbyte, men det skal ikkje vera det som driv oss i starten. No handlar det om kjensler for produktet og hard dugnadsinnsats av oss eigarar for å få ein god produksjon i gang.
Med 17. mai-ambisjonar på Voss
På spørsmål om Os som plass å driva fabrikk i framtida, og om sal og flytting kan bli aktuelt også for Bøe Lefsebakeri og Hardangerlefsa, får vi eit munter smil av Willy Roger som svar.
– Dei spurde om det same då eg kom som bergensar og kjøpte Vossakjøt-fabrikkane.
– Er det noko eg veit så er det at det å flytta ein produksjon sjeldan er suksess, ikkje berre grunna produksjonslinjene og kompetansen, men miljøet, frå lufta til vatnet der fabrikken ligg til dei som bur og jobbar ved fabrikken, som er stolte av varene som blir laga der. Alt verkar inn.
– Eg sa på Voss at Voss og kjøt heng saman og at min ambisjon var at eg håper på å bli så populær på Vossabygda at eg med tida får gå fremst i 17. maitoget saman med ordføraren i Voss. Eg seier det same her, Os og lefser heng saman, og eg går gjerne saman med Søviknes i toget ein dag, ler Willy Roger Jacobsen.