Næringsliv | 02. mars 2011

Legg 43 nye ut for sal

Os Sjøfront har selt 70 prosent av I-blokka. Laurdag startar salet i J- og K-blokka.

Legg 43 nye ut for sal
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. mars 2011 09:54

I mars i fjor var det salsstart i Stor-Bergen Boligbyggelag sitt store prosjekt mellom Mobergsneset og gjestebrygga i Os sentrum, Os Sjøfront.

I første byggetrinn, som starta i haust, skal det koma 86 leilegheiter fordelt på fire blokker.

- I dei to første blokkene har vi samla sett selt over 50 prosent av husværa. I I-blokka er rundt 70 prosent selt, det synes vi er veldig bra, når det er over eit år til innflytting, seier salssjef for eigedomsmekling hos Stor-Bergen, Tone Osland til Midtsiden.no.

Frå 1,7 millionar kroner

I H-blokka, den som ligg nærmast Oseana, er 6 av 20 leilegheiter selt, i I-blokka er det signert kontrakt på 16 av 23.

- Vi ser at nokre sit og ventar for å sjå kor stor avstanden mellom bustadane i H-blokka og Oseana blir, og korleis marinaen tar form. Derfor er vi glade for at styret har vedtatt salsstart på J- og K-blokka, det blir bra med eit større utval å by på, seier Osland.

J-blokka blir identisk med I-blokka, K-blokka blir noko heilt eige, med fire større leilegheiter i kvar av dei fem etasjane. Prisane kjem til å ligga på mellom 1,7 og rett over 7 millionar kroner.

Tar form

Laurdag og søndag skal Os Sjøfront ha vising på tomta, der byggearbeidet no går for fullt.

- Det er nok positivt at folk ser at vi er i sving, og ikkje minst at Oseana snart er klar til opning, seier Osland.

Blokkene skal stå på ein 4000 kvadratmeter stor kaiplate med ei 2000 kvadratmeter stor brygge utanfor. Pælearbeidet byrja før jul og har no kome så langt at arbeidet med å legga betongplate på pælane truleg startar allereie denne veka.

- Kranen er montert og det ligg mange betongelement klare til å bli løfta utover sjøen, seier Tor Inge Døsen frå Os Sjøfront.

Desse er i skrivande stund selt:
(blokk og etasje)

H1: 0 av 4
H2: 2 av 4
H3: 2 av 4
H4: 1 av 4
H5: 1 av 4
Sum: 6 av 20

I1: 5 av 5
I2: 5 av 5
I3: 3 av 5
I4: 2 av 5
I5: 1 av 3
Sum: 16 av 23

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.