Lokal | 08. feb. 2011

Legg om med messe

Osmessa er tilbake: Nore Neset Dagane tar i år mat og musikk opp ein etasje, og bruker heile hovudhallen til messe.

Legg om med messe
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. feb. 2011 21:36

Nore Neset Dagane har dei siste åra vore populære septemberdagar på Skeie. Med servering av mat og underhaldning i hallen og aktivitetar både utandørs og innandørs har langhelga i Nore Neset Aktivitetshus noko for både store og små.

Messe har det også vore sidan start, men ikkje i det omfanget arrangørane no har planar om.

- Vi har hatt god variasjon i utstillarar, frå handverk og brukskunst til bil, båt og ATV. Mange av utstillarane har kome med fine tilbakemeldingar, så i år vil vi dyrka messekonseptet sterkare vidareutvikla versjon av Nore Neset Dagane, seier dagleg leiar i Stiftinga Nore Neset Aktivitetshus, Karin Bøyum.

Osmessa til ny krins
Stiftinga har bestemt seg for å ta i bruk namnet «Osmessa» på messedelen av arrangementet.

- Osmessa var i bruk i Os for mange år sidan, men eg veit ikkje om nokon som prøver å arrangere skikkelege messer i Os for tida, så då meiner vi det passar bra at vi bruker det namnet.

Og messa skal appellera til fleire enn dei som bur på Skeie, fleire enn dei som bur i resten av Os òg, for den del.

- Vi ønskjer framleis kunsthandverkarar velkommen, men denne messa skal famna breiare.

Flytta til Os?
Bøyum ser for seg at Osmessa skal bli ein plass der gjestane både kan finna både spreke tilbod, gode tenester, spennande varer - og kanskje ein ny plass å bu.

- Vi vil ha handverkarar og lokale matvareprodusentar som éin del, sport og fritidsutstyr som éin og fylla på med kategoriar som hus og heim, bil og båt og bygg og bu i Os.

På den eine sida kan det vera snakk om «products of Os», Os-produserte varer, på den andre sida håper Bøyum på at Osmessa kan ha utstillarar som sel eigedomar, hus og tomter.

- Tenk kor flott om vi klarer å få Osmessa til å bli ein plass der folk som vil flytta til Os, eller internt i Os, kan starta husdraumen sin. Finna tomt, snakka med leverandører av ferdighus, eigedomsmeklarar og handverkarar. Så kan dei handla møblar, grasklipparar og ATV etterpå.

Dans, servering og motbakkeløp
Matlaging og servering har vore ein viktig del av Nore Neset Dagane frå MatOs første år til ulike produksjons- og serveringsopplegg seinare år.

- No vil vi laga kafeen oppe i Symrasalen, den er meir intim enn hovudhallen, og nærmare eksisterande kjøkken.

Også innan underhaldning har det vore litt å velja i, frå Rune Larsen & Co i 2009 til Vestlandsfanden i 2010.

- Også dansen blir flytta opp i Symrasalen, så vi får det tett og fint, med kjente, populære lokalmusikarar på scenen og plass til rundt 180 på dansgolvet.

Geir Magne Johnsen og Jonny Olsen Band skal spela til dans kvar sin kveld under årets versjon av Nore Neset Dagane, som blir arrangert 17. til 18. september.

- Natursti, leik for born i gymsalen i nabobygget, gatecup for skuleungar og motbakkeløpet Liafjellet Opp er sjølvsagt aktivitetar vi held fram med, parallelt med Osmessa, forsikrar Karin Bøyum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.