Kultur | 25. nov. 2021

Legg opp til lang snorklipping og kort tog

Mange lys skal tennast fredag morgon og fredag kveld.

Legg opp til lang snorklipping og kort tog
Osbrua har fått lys på begge sider, men årets tog skal ikkje kryssa hamna og elva. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. nov. 2021 08:16

I førre veke blei dei første nye lenkene i spleiselaget sin nye pakke med jul- og vinterbelysning montert og tent.

Samtidig blei lokalet peparkakebygda skal vera i denne jula kontrollert og «ausa» etter lekkasje i bygget.

I går var Helge Bøe og leverte gran til juletreskogen.

Fredag morgon i 08.30-tida skal Os Kulturutvikling sine lys på Borgafjellet tennast - av elevar på Borgafjellet barneskule - fredag kveld blir det tenning av julegrana i Os sentrum.

– Det blir eit tog inn til Torget i år òg, men eit kortare tog, frå Esso i staden for Hamnevegen, fortel Christoffer Kobbeltvedt frå Fjordfolk.

Bildeserie:

Peparkakebygda blir avduka samtidig som julegrana blir tent. (Foto: KVB)
Peparkakebygda blir avduka samtidig som julegrana blir tent. (Foto: KVB)
Helge Bøe leverte gran til juletreskogen i går. (Foto: KVB)
Helge Bøe leverte gran til juletreskogen i går. (Foto: KVB)
Også trea langs starten på Hatvikvegen er dekorerte, men foreløpig ikkje tente. (Foto: KVB)
Også trea langs starten på Hatvikvegen er dekorerte, men foreløpig ikkje tente. (Foto: KVB)
Etter tale og snorklipping ved Esso blir det marsj inn Torggata. (Foto: KVB)
Etter tale og snorklipping ved Esso blir det marsj inn Torggata. (Foto: KVB)
1 av 4

Fjordfolk styrer arrangementet for Os Sentrumsforening, og samarbeider med kultureininga i kommunen om dekorasjonen og opninga.

Også investeringa i nye lys er eit smarbeid. Kommunen og fleire bedrifter, ikkje minst Sparebanken Vest og Fana Sparebank, har spleisa på ein lyspakke til over 600.000 kroner.

– Vi har invitert alle dei over 30 som bidrog i spleiselaget til å vera med og klippa snora ved Esso. Så blir det marsj inn Torggata, utan faklar, så vi håper folk tar med hodelykt, lommelykt eller lyser med mobiltelefonen, så vi får lys og stemning i toget.

Folk blir oppmoda å stilla med munnbind eller halda over ein meter avstand til nestemann.

Programmet er enkelt:

  • Oppmøte på Eso seinast 17.45. Tale ved Paal Moberg, styreleiar i Os Sentrumsforening, snorklipping og marsj.
  • Julegrana blir tent klokka 18. Os Musikkforening speler, nissen kjem og deler ut snop til dei yngste.
  • Samtidig blir peparkakebygda avduka. Du kan ikkje gå inn i lokalet, men sjå utstillinga gjennom fasadevindauget.
  • Etterpå blir lysa tente i julekrybba i Tunet og i juletreskogen på Kyrkjeflaten.
  • Folk blir oppmoda å spreia seg litt i sentrum etter marsj og julegrantenning.
Frå fakkelfredag i 2019. I år blir det ikkje faklar. Dei som ikkje held avstand bør bruka munnbind. (Foto: KVB)
Frå fakkelfredag i 2019. I år blir det ikkje faklar. Dei som ikkje held avstand bør bruka munnbind. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.