Sverre Lunde Pedersen, her under verdscupen i Stavanger for to veker sidan, leia Noreg til VM-sølv i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Leia Noreg inn til VM-sølv

Sverre viste rå styrke og drog ein runde lengre enn planlagt då Noreg tok 2. plass i Kolomna.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sverre Lunde Pedersen, Håvard Bøkko og Simen Spieler Nilsen tok i kveld sølv i VM enkeltdistansar i Russland.

Med 3.41,26 var dei over to sekund raskare enn Canada i første par. Tida er òg betre enn Nederland vann verdscupen med i førre runde, men i dag kom nederlendarane i mål på 3.40,04.

– Sverre var rå!

Det norske laget sto over både 10.000- og 1500-meteren for å satsa på medalje, og det blei full klaff.

«Norges beste TP-prestasjon noensinne» skriv landslagstrenar Sondre Skarli på twitter.

Til BT seier Skarli at han synest kaptein Sverre var heilt rå.

- Då Sverre kom fram for å dra, var han heilt ekstrem. Han hadde den hardaste jobben, og var ufatteleg sterk. Han gjekk ned på 26,6 i rundetid, det er heilt enormt, rosar Skarli.

Osingen skulle dra det meste av løpet, men då Bøkko skulle fram og ta sisterunden hadde Sverre meir krefter igjen og leia laget i mål.

I morgon går Sverre 5000-meteren i siste par mot Sven Kramer, som vann 10.000-meteren, men sto over 1500 og lagtempoen i dag.

Fana-løper Sindre Henriksen var del av laget til han gav vekk plassen til Nilsen. Henriksen var sjuk veka før og etter førre verscup for 14 dagar sidan, og følte seg usikker på formen.

Fleire saker