Sport | 04. aug. 2011

Leiar etter dag 1

Golf-NM: Solveig Helgesen spelte strålande og leier etter første dagen. Oppdatert.

Leiar etter dag 1
Andris Hamretorsdag 04. aug. 2011 12:29

Senior-NM arrangerast i år på Bjaavann Golfklubb si bane i Kristiansand. NM går totalt over 4 runder. Etter den første runden torsdag har Solveig Helgesen frå Bjørnefjorden Golfklubb tatt leiinga i dameklassa 2 slag framfor regjerande noregsmeister Jeanette Marita Engzelius frå Oslo Golfklubb.

Solveig brukte 68 slag på dei 18 hola, noko som er 4 slag mindre enn det som er berekna på banen.

- Det var litt rufsete dei to første hola, men eg redda par med nokre gode puttar, fortel golftalentet.

5 birdies

Leiinga tok ho etter å ha slått birdie (eit slag mindre enn holets par) på 5 av dei 18 hola. Med berre ein bogey (eitt slag meir enn par) har Hagavikjenta festa eit lite grep framfor fredagens runde.

- Det at et redda meg inn på dei første hola gav med ro utover i runden.

- Eg slo ballen betre og betre og tok var på dei sjansene eg gav med sjølv, fortel Helgesen.

Sjå Solveig sitt scorekort her.

Etter fredagens runde vil berre dei 15 beste damene få spele videre dei to siste rundene laurdag og sundag.

- Eg skal ikkje ut før kl 15 i morgon, så eg må finne på noko å sysselsettja meg med slik at eg ikkje berre blir tenkande golf heile tida, avsluttar Solveig Helgesen med eit smil.

Starta bra

I herreklassa stillar Bjørnefjorden Golfklubb med Alexander Heggland og Anders Engelsen.

Heggland starta si runde bra og lå berre 3 slag over par etter 9 hol. Diverre fekk han problemar på starten av dei 9 siste hola og måtte bruke 9 slag på det trettende holet (par 4 hol). Ikke på både det tidande og trettande som Midtsiden.no skreiv først.

På slutten av runda henta Heggland seg litt inn att med ein birdie på det sekstande holet og enda på + 8 etter første runden.

Engelsen har nett starta runda si og ligg eitt slag over par etter dei tre første hola.

I herreklassa er det dei 50 beste som går vidare etter fredagens runde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.