Lokal | 19. okt. 2018

Leidningsbrot i Hamnevegen

Mens nye rør blir lagt, gav eldre rør i same område etter.

Leidningsbrot i Hamnevegen
Skaden er funnen og i ferd med å bli reparert. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 19. okt. 2018 14:07

Bildeserie:

Det blir lagt nye rør i Hamnevegen. (Foto: KOG)
Det blir lagt nye rør i Hamnevegen. (Foto: KOG)
Samtidig har eldre rør hatt brot. (Foto: KOG)
Samtidig har eldre rør hatt brot. (Foto: KOG)
1 av 2
Det blir lagt nye rør i Hamnevegen. (Foto: KOG)
Samtidig har eldre rør hatt brot. (Foto: KOG)

Fredag ettermiddag blei det oppdaga vassleidningsbrot i eit nabolag nær Os sentrum.

Brotet blei etter kort tid lokalisert i Hamnevegen.

– Vi held på å erstatta eldre vassleidningar med nye i Hamnevegen, men det er ikkje i samband med gravearbeid at brotet har oppstått, fortel prosjektleiar Anita Karlsen i Os kommune.

Brotet er i eldre rør, truleg frå 50-talet, bortanfor arbeidsstaden.

– Det er nok i samband med vårt arbeid. Vi har nemleg tatt vatnet på og av nokre gongar, i samband med reins av nye rør, og dette trykket har nok ført til at dei eldre røra har fått brot.

Skaden er i ferd med å bli reparert, og dei få husa i Hamnevegen og Orrebakken, som er utan vatn, blir tilkopla innan kort tid fredag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.